Har lånt milliardar på Oslo Børs

Oslo Børs vert stadig viktigare når offentlege verksemder i vest treng finansiera nye investeringar eller refinansiera gammal moro.

Hordaland fylkeskommune er ein av topp-fem offentlege låntakarar på Oslo Børs. Arkivbilete. Foto: Norges Bank.

Det har vore ein sterk vekst i kommunane sine låneopptak siste åra. Verdien av kommunane sine uteståande lån på Oslo Børs har no passert 100 milliardar kroner, ifølgje ei pressemelding frå Oslo Børs.

Hordaland fylkeskommune, Askøy og Fjell kommunar står alle på oversikten over offentlege verksemdene som har finansiert nye investeringar gjennom teikning av børsnoterte obligasjonar.

Hordaland fylkeskommune er ein av dei aller største offentlege låntakarane, med 4,4 milliardar kroner uteståande, fordelt på ti lån.

Les: Hordaland fylkeskommune går på børs

Askøy kommune har henta 554 millionar kroner via Oslo Børs, fordelt på to lån.

Med 252 millionar kroner uteståande fordelt på to lån, havnar Fjell kommune langt nede på lista over dei 88 offentlege verksemdene som har tydd til Oslo Børs for å finansiera nye investeringar eller refinansiera gammal moro.

Les: -Ein ikkje bærekraftig økonomi

Tilgang til fleire långjevarar og ein bredere investorbase er ein av grunnene til at stadig fleire kommunar tyr til Oslo Børs. Nye reguleringar gjer dessutan at institusjonelle investorer ønskjer at obligasjonslån skal vera børsnoterte, mellom anna set Solvency II-reguleringa grenser for kor mykje livselskapa kan ha av unoterte lån, ifølgje Oslo Børs.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.