-Her må Riksantikvaren koma på banen!

Seks meter høge usikra murar gjer det utrygt å ferdast på demninga i Storavatnet i Knarrevik. Ingen vil ta ansvar for vedlikehaldet av anlegget, og NVE krev det historiske industrireisingsmonumentet rive.

Usikra mur. Menneska vert små på toppen av demninga i Storavatnet.

Demninga i Storevatnet i Knarrevik er eit monument over den tidlege industrireisinga i Fjell. Herifrå fekk mølla, sildoljefabrikken og seinare superfosfatfabrikken i Knarrevik vatn til å sikra jamn drift ved fleire hundre arbeidsplassar.

Den meir enn 100 år gamle handmurte demninga i Storavatnet ruvar godt i terrenget. Denne våren er det ein meir enn seks meter høg mur som speglar seg i vatnet.

Anne Kristin Milde og Jan Utkilen på oppsida av demninga. Med den rekordlåge vasstanden denne våren vert det seks meter opp til toppen.

Vasstanden denne våren er tappa ned til eit historisk lågmål, ifølgje nabo Anne Kristin Milde. Saman med Jan Utkilen i Sotra Lista er nettavisa Tunnelsyn på synfaring ved demninga i sørenden av Storavatnet.

 

Manglande vedlikehald
Tidlegare var dette eit populært turmål for innbyggjarane i Knarrevik og Valen. No lyser fåreskilta mot dei friluftsinteresserte. Skilta klarar likevel ikkje hindra at folk tek seg opp på demninga, fortel Milde.

Demninga er laga av ein dobbelt steinmur, med eit kring to meter breidt torvlag i midten. Torvlaget har sige, og manglande vedlikehald gjennom mange år inneber at demninga ikkje lenger er tett.

-Demninga må bevarast slik ho var, og vasstanden må hevast, i det minste nokre meter, slik at det igjen vert trygt å ferdast i området, seier Milde.

Fåre!
Eit dambrot ville utløysa ein flaum som ville setja tryggleiken til bebuarar og bilistane på R555 i fare, vurderte Norges vassdrags- og energidirektorat i 2016.

Å setja damanlegget i stand i samsvar med dagens tryggingskrav vil vera eit omfattande og kostbart tiltak, konkluderer NVE.

Som eit mellombels tryggingstiltak tok NVE i 2017 difor hol i demninga. Ein to meter brei kanal i det søraustre hjørna skulle seinka vasstanden med minst 2,7 meter, ned til det flaumekspertane meinte var eit trygt nivå.

Ingen tek ansvar
Dersom ingen vil halda ei demning ved like, skal ho leggjast ned, og terrenget tilbakeførast til det opprinnelege, så langt det let seg gjera, i følgje vassressurslova.

Det er Sigba Eiendom AS som har eigedomsretten til vassrettane og som difor har ansvar for vedlikehaldet, eventuelt fjerning av demninga, hevdar NVE.

Sigba Eiendom viser til industrihistoria i Knarrevik gjennom meir enn 100 år, med skiftande eigartilhøve, oppkjøp og nedleggingar av delar av fabrikkanlegga, og avviser at dei har noko ansvar. Med bistand frå advokatkontoret Simonsen VogtWiig har dei kravd, og fått innvilga, oppsetjande verknad på NVE sitt pålegg om å søkja konsesjon for å leggja ned damanlegget.

Fjell kommune ønskjer at dammen vert teken vare på for framtida, men påpeikar at dei manglar ressursar til å gjera det.

Grunneigarane har seld vassrettane, og har ikkje noko ansvar for demninga.

Riksantikvaren

Jan Utkilen med kanalen som vart laga som eit mellombels sikringstiltak mot dambrot og flaum i 2017.

-Slik ho no står, med ein inntil seks meter høg, usikra mur, er demninga farleg for innbyggjarane, åtvara kommunestyrerepresentanten for Sotra Lista i ein interpellasjon i kommunestyret 23. mai.

Demninga i Knarrevik er einaste intakte i sitt slag i Fjell, ved sida av Halvgjevatnet, og er verd å takast vare på. Ho bør ikkje rivast, utdjupar Utkilen til nettavisa Tunnelsyn.no.

Les: Kolltveit- det gløymde industrieventyret

Les: Rivinga av Skålevikdemninga har starta

-Eg kan ikkje skjøna anna enn at Riksantikvaren må koma på banen her. Tilsvarande anlegg andre stadar er verna, seier Utkilen.

Men Fjell må og bidra. Kommunen nyttar såpass mykje pengar på kultur og friluftsliv at dei må kunna avsetja nokre kroner her og, seier Utkilen.

Nedprioritert
Knarrevik var ein gong det økonomiske senteret i Fjell, med fleire hundre industriarbeidsplassar. Siste tiåra har den bygda i Fjell som ligg nærast Bergen gradvis mista både økonomisk og sosial status. Demninga som står til nedfalls er berre ei av ei rekkje hendingar som viser korleis bygda gradvis har blitt nedprioritert etter at Sotrabrua stod ferdig, seier Milde.

Nedlegginga av Liljevatnet skule er siste hendinga i rekkja.

Les: Krev lovlegheitskontroll av Liljevatnet-nedlegging

Først vart Gamleheimen lagt ned, deretter forsvann butikken. Automatiseringa i industrien gjer at det no berre er nokre få titals arbeidsplassar att. Som eit resultat har folketalet berre gått nedover. Snittalderen nærmar seg 80.

-Det er leit at Knarrevik, som ein gong var eit kraftsenter i Fjell, no har blitt ein avfallsplass, sukkar Utkilen. Frå stova til Milde har han panoramautsikt ned på Mustadvatnet og slamutvinningsanlegget Statens vegvesen har etablert i samband med nytt Sotrasamband. Dette er ein av dei mest aktuelle stadane for flytting av asfaltverket.

Les: Planlegg tørkeanlegg for ureine massar

Les: To stadar aktuelle for flytting av asfaltverket

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.