Held døra på gløtt for byvekstavtalen

Ingen kommunar skal tapa på at forhandlingane om ein byvekstavtale for Bergens-området stranda sist veke.

I ei felles pressemelding samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP) og kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) sendt ut torsdag, uttrykkjer dei to forståing for at einskilde kommunar ønskjer å utsetja den lokalpolitiske behandlinga av byvekstavtalen til etter valet.

Aksepterer utsetjing av lokalpolitisk behandling til etter kommunevalet; kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H). I ei felles pressemelding samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP) og kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland (H) sendt ut torsdag, uttrykkjer dei to forståing for at einskilde kommunar ønskjer å utsetja den lokalpolitiske behandlinga av byvekstavtalen til etter valet.

Les: Det vert ingen byvekstavtale no

-Regjeringa ønskjer difor ikkje å tvinga gjennom ein avtale før valet, skriv dei i pressemeldinga.

-Det er viktig at flest mogeleg kommunar er med. Dersom nokon av kommunane i Bergensområdet treng meir tid, og ønskjer å forankra ein ny byvekstavtale i nye kommunestyre, er eg open for det, seier kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland.

Det må vera semje om avtaleutkastet som skal opp til lokalpolitisk behandling av partane. Dersom ein eller fleire av kommunane vel å trekkja seg, må dei økonomiske rammene for avtalen vurderast på nytt. Regjeringa legg til grunn av kommunar som framleis ønskjer å vera med ikkje skal tapa på at nokon går ut. Kommunar som trekkjer seg kan likevel ikkje venta å få behalda pengar dei var tiltenkt gjennom avtalen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.