Vil ettergjeva lån på 27,2 millionar til lag og organisasjonar

Låna Fjell kommune har gjeve til lag og organisasjonar bør slettast avdi dei ikkje kan innfriast.

Straume Idrettspark vert det laget som får ettergjeve største gjeldsposten, nærare 13,6 millionar kroner.

I dei gode åra tidleg i dette århundret ytte Fjell kommune rente- og avdragsfrie lån til ei rekkje lag og organisasjonar. 15 – 18 år seinare erkjenner rådmannen i Fjell at mange av låntakarane ikkje er i stand til å nedbetala gjelda, ifølgje ei sak til formannskapet neste veke.

Den svake kommuneøkonomien til trass, tilrår rådmannen at 14 lån, pålydande til saman 27,2 millionar kroner, vert sletta.

Les: Vil behalda Nest-Sotra i 1. divisjon

Her kan du sjå heile oversikten:

Straume Idrettspark   13 558 000,00
Midthordland Indremisjon     3 550 000,00
Nest Fotball     2 000 000,00
Båtlaget Ran     1 950 000,00
A/L Samfunnshuset på Landro     1 900 000,00
Brattholmen Indremisjon     1 000 000,00
Sartor Sportsskyttarlag         800 000,00
Sotra Sportsklubb – kunstgras         700 000,00
Våge-Foldnes Grendahus         500 000,00
Kolltveit Grendahus         400 000,00
Ungdomslaget Strilen         300 000,00
Stiftinga Knarrevikløa         250 000,00
Losjehuset «Vonheim» Tellnes         215 000,00
Roald Tellnes Kunstsamling           92 896,43

Gjeldsettergjevinga vil ikkje påverka resultatet til Fjell kommune, understrekar rådmann Steinar Nesse i Fjell i saksutgreiinga.

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.