Klare til Torgdagen

Det luktar tjøre, sjø og tang. I naustet til Fjell Kystlag er det travelt. Fem båtar skal sjøsetjast og gjerast klare for Torgdagen.

Fjell Kystlag held strilane sine gamle bruksbåtar i hevd gjennom flittig bruk i sommarhalvåret. Om vinteren er det hektisk aktivitet i nausta på Ågotnes med påkravd vedlikehald, som skifte av bordgangar, spant, esingar, riper og stamnar.

Les: Sette kurs for Langøymarknaden

Denne laurdagen er dagen dei 10 – 20 frivillige i Kystlaget har arbeidd for gjennom heile vinteren. Sjøsetjinga. Siste veka har dei jobba overtid for å få flest mogeleg av båtane sjøklare.

Kutteren «Sotrabuen» og basbåten «Ole P» ligg alt og duvar i fortøyningane. Dagens økt startar med sjøsetjinga av «Norden». Deretter vert det «Reidar» og «Osvald» sin tur til å få smaka sjø under kjølen. Fleire ventar på tur i nausta. Kor langt dei rekk i dag, er leiar Rolf Henriksen usikker på.

Målet er å ha ti båtar klare til Torgdagen neste veke, smiler Henriksen.

Held bruksbåtane i hevd. «Reidar» har fått skifta stamn og fire bordgangar i løpet av vinteren.

Båtane har namn etter gjevaren. Kvar båt har sin historie.

Bygd sist på 1930-talet starta kutteren Sotrabuen «karriera» som fiskebåt i Vågan kommune i Nordland, kan Nils Risholm fortelja. Etter å ha skifta eigar fleire gongar og freista tilværet mellom anna som kvalfangarskute, enda ho opp på Liaskjæret. Risholm var mannskap ombord på Islandsfisket i 1961, og bemanna dorryen som sette ut og hala inn nota.

– Utsetjinga av nota skjedde hydraulisk, sjølv om dette var før kraftblokka si tid, minnest han.

Les: Då silda forsvann

Når dagens økt er over kan dei frivillige feia høvespona frå naustgolvet og starta planlegginga av vedlikehaldet av nausta.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.