Freistande, ferske, friske, norske bringebær

Når sotrastrilane i år kunne kjøpa norskproduserte bringebær på butikken i alt i mai, ligg det ein omfattande innovasjonsprosess bak.

Du har kanskje late deg freista, du og? Ferske, norskproduserte bringebær dukka i år opp i butikkane alt før 17. mai. Side om side med dei importerte, konkurrerer bæra frå Bjørkevoll Garneri i Meland om merksemda til kresne, betalingsvillige forbrukarar i fruktdiskane.

Bjørkevoll Gartneri var første norske produsenten til å levera ferske bringebær dette året, ifølgje kommunikasjonssef Hanne Elisabeth Linnert i Bama.

Drivhus

Reidun Grønhaug byr på nyplukka bringebær. I desse dagar bungar det i veksthuset. Foto: Privat.

Dei tre veksthusa på garden bugnar i desse dagar av rødmande bringebær. Dagleg leiar Reidun Grønhaug har knapt tid til å snakka med journalistar. Saman med foreldra og to – tre innleigde håpar ho å kunna plukka og levera fire tonn bær innan frilandssesongen byrjar tidleg i juli, seier Grønhaug til nettavisa Tunnelsyn.no.

Bringebær vart svaret då familien for ti år sidan såg seg om etter eit anna satsningsområde; roseproduksjonen i familien sine veksthus løna seg ikkje lenger på grunn av hard konkurranse frå import.

Innovasjon
Den vesle familieverksemda deltek i eit større forskingsprosjekt på bringebær i Sogn og Fjordane i regi av Bama og Gartnerhallen. Bioforsk på Mjøs og i Ullensvang har stått for det praktiske. Medan fleirtalet av dei øvrige produsentane dyrkar bæra sine på friland eller i tunnelar, har Bjørkevoll valt å dyrka sine bringebær i drivhus, fortel Grønhaug.

-Vi var spente på om det gjekk an å dyrka  bringebær i drivhus. I dag veit vi at det er mogeleg, men framleis er det eindel detaljar som må på plass. Å få fram plantemateriale med større produksjon vil vera avgjerande, konstaterer Grønhaug. Erfaringane har ho teke opp med planteprodusentane.

Innovasjon
Tidleg på 2000-talet gjekk storparten av dei norskproduserte bringebæra til saft og syltetøy. Forskingsprosjektet hadde som mål å snu marknaden i retning konsum, noko som ville auka lønsemda til produsentane.

Dei starta med sorten. Glen Ample har store, faste bær med rik smak, og vart henta frå Skottland for å erstatta dei norske sortane som var relativt små og hadde kort haldbarheit.

Bringebær må plukkast for hand. Foto: Privat.

Hos Bjørkevoll kjøper dei dei små bringebærplantar om hausten. Langskotplantane driv dei fram sjølv i drivhuset. Temperaturen om hausten er viktig for bærproduksjonen neste vår. Først i februar skrudde Grønhaug på varmen i veksthuset.

Betalingsvilje
Dei norskproduserte bringebæra konkurrerer med import. I butikken går dei norske bæra for 40 kroner, 15 kroner meir enn dei importerte.

-Prisen avheng av prisen på import, kvalitet og forbrukarane sin betalingsvilje, seier Grønhaug.

-Straumprisen er største kostnaden vår, saman med løn til plukkarane, seier Grønhaug.  Med straumprisane denne vinteren, er ho usikker på om det vert noko forteneste.

Mangedobla
Sidan forsøksprosjektet starta har mengda av norskproduserte bringebær til konsum blitt mangedobla. Medan Bama selde fem tonn tidleg på 2000-talet, håpar dei på 1.200 tonn dette året, ifølgje Linnert.

Bjørkevoll er einaste norske gartneriet som produserer bringebær i veksthus, såvidt Grønhaug veit. Storparten av bæra vert produsert på friland, eller i tunnelar. Å få fram eigna tunnelar har vore ein eigen del av forskingsprosjekjet.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.