Vil ha utgreidd båt til Straume Sjøfront

Rådmann Steinar Nesse i Fjell er ikkje nøgd med Skyss sitt «nei» til ei båtrute til Sotra.

Direkte tilkomst til kai via sykkeltunnelen frå Kystbygarasjen og Straume sentrum aukar sjansane for at eit snøggbåtstopp på Straume Sjøfront skal opplevast som attraktivt og effektivt, tilrår rådmann Steinar Nesse i Fjell.

Snøggbåten vinn stadig nye venar på Askøy og i Nordhordland. Den krevjande trafikksituasjonen i nye Øygarden tilseier at sjøvegen vert vurdert her og, i det minste som eit mellombels tiltak medan vi ventar på det nye Sotrasambandet.

Rapporten Skyss nyleg utførte på vegne av Hordaland fylkeskommune var likevel negativ til snøggbåten sitt potensiale til øykommunen i vest. Ei slik etablering ville fort fungera som ein konkurrent til alt etablerte kollektive bussruter, vart det spådd. Som ei prøveordning kan ein likevel la båten til Hardanger gå oppunder Brattholmen morgon og kveld.

Les: Nei, nei, nei – tjaaa til snøggbåt til Sotra…

No har Fjell fått rapporten på høyring.

To alternative anløpsstadar vart vurdert spesielt i rapporten; Ågotnes og Brattholmen. I ei sak til formannskapet denne veka argumenterer rådmann Steinar Nesse for at det kan vera grunnlag for å utgreia begge alternativa vidare.

Auka aktivitet på Ågotnes og flytting av Bergen Hamn ut til CCB-basen styrkar Ågotnes som lokalitet for eit varig båtsamband. Dette alternativet bør ein arbeida vidare med, både på kort og lang sikt, tilrår Nesse i ei sak til formannskapet denne veka.

Potensialet for kombinasjonen gang-/sykkel og båt er større enn det kjem fram av rapporten, særleg på Litle Sotra. Brattholmen er difor eit alternativ ein bør arbeida vidare med, konkluderer Nesse.

Til saman ni mogelege anløpsstadar på Sotra vart vurderte av Skyss. Straume, Sotra kystby og Straume sjøfront var lagt til side på eit tidleg tidspunkt. No tek rådmannen til orde for at også dette alternativet vert vurdert på nytt.

Straume Sjøfront har utfordringar når det gjeld siglingstid. Direkte tilkomst til kai via sykkeltunnelen frå Kystbygarasjen og Straume sentrum aukar sjansane for at alternativet skal opplevast som attraktivt og effektivt, tilrår rådmannen i Fjell i framlegget til høyringssvar.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.