Vil kutta i trafikksikringstiltaka

Nær halvparten av innsparingane på investeringsbudsjettet i Fjell dette året skal skje på området trafikksikringstiltak.

Bildøyvegen. Trafikksikring
Utbetring av gamlevegen over Bildøy har lenge stått øverst på trafikksikringsplanen. Vegen er skuleveg, og bussen må stoppa og venta for at privatbilane skal kunna smyga seg forbi.

Til møtet i Formannskapet i morgon har økonomisjefen lagt fram eit forslag til korleis koma i mål med politisk vedtekne prosjekt utan å ta av fond eller auka låneopptaket.

Les: Mot nytt millionunderskot i Fjell

Ombygginga av Liljevatnet skule til barnehage vert kostnadsrekna til 13 millionar kroner. For å få plass til dette og to andre prioriterte tiltak på det knappe investeringsbudsjettet for 2019, føreslår økonomisjefen omfattande kutt på andre område. Totalt vert det føreslege å omprioritera i underkant av 24 millionar kroner.

Bildøyvegen og Vestsidevegen
Trafikksikring er det området det vil gå verst ut over, om kommunestyret vedtek økonomisjefen si kuttliste. Nær halvparten av kutta vert føreslege å skje innan tiltak retta mot trygging av mjuke trafikkantar langsmed vegane våre.

Trafikksikring av Bildøyvegen har stått øvst på prioriteringslista i Trafikksikringsplanen i fleire år. No føreslår økonomisjefen å redusera årets løyving med nærare 6,5 millionar kroner.

Standarden på Vestsidevegen har lenge skapt engasjement hos innbyggjarane som dagleg ferdast på den smale, svingete vegen. I mangel på fylkeskommunale midlar til ny veg har punktvis utbetring lenge vore sterkt etterlyst. No føreslår økonomisjefen å kutta løyvinga med to millionar kroner dette året.

Posten trafikksikring vert samstundes føreslege kutta med 2,3 millionar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.