Delingsøkonomien inntek Fjell

Telt og kanoar, badminton og bæremeis. På BUA på Ågotnes kan alle interesserte låna utstyr til idretts- og friluftsaktivitetar heilt gratis.

Trond Olsen er sentral i musikkmiljøet i Fjell. Han har og hatt ein finger med i utforminga av konseptet bak Frihuset. I dag underhaldt han med sjølvskrivne songar.

Kårtveitklubben har fått ein lenge etterlegta etterfølgjar på Ågotnes. Sju år etter at ungdomsklubben måtte stengja dørene, kunne ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) endeleg føreta den offesielle opninga av Frihuset i dag.

Frihuset skal verta meir enn ein ungdomsklubb. Lokalisert i den tidlegare helsestasjonen skal Frihuset vera eit samlingspunkt for lag og frivillige organisasjonar i nordre Fjell.

Gratis

Ein avslappa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy stod for den offisielle opninga. Her saman med Svein Ekrem som er leiar for ungdomsklubbane i Fjell.

BUA vil spela ei viktig rolle i det nye frivillighetshuset. Her kan born, unge og vaksne låna utstyr til idretts- og friluftsaktivitetar. Heilt gratis.

Velfylte hyller med telt, soveposar, fiskeutstyr og utstyr til ulike idrettsaktivitetar møter dei som kjem innanfor døra. Utanfor ventar 12 kanoar. Så langt er utstyr for 300.000 kroner kjøpt inn, ifølgje Svein Ekrem som er leiar for ungdomsklubbane i Fjell.

-Slik kan folk få testa ut nye aktivitetar og utstyr. Det er godt for folkehelsa når nokon finn alternative frilufts- og idrettsaktivitetar som dei trivst med. Og det er bra for miljøet. No treng ikkje folk kjøpa alt utstyret sjølv. Tenk berre på kor mykje utstyr mange av oss har liggjande i kjellaren som vi aldri nyttar, sa Sandahl Bjorøy.

Sosialdemokratisk
Ryktene om BUA har alt nådd utanfor kommunegrensene. Delingsøkonomi er i tida. Tenk berre på Airbnb og bildeleringar. Mange, særleg unge, vil tenkja at det er kult å kunna leiga utstyr i staden for å kjøpa sjølv, tenkjer Fjell-ordføraren.

-Eit tiltak i beste sosialdemokratisk tradisjon, smilte Arbeiderpartiordføraren. På kort varsel måtte ho tre inn i staden for Sartorsjef og Komiteleiar Ernst Morten Einarsen (H) i KDF til å stå for opninga av BUA.

Ein stad å vera
-Tanken er at det alltid skal vera aktivitetar her. Born og unge skal kunna stikka innom til alle tider, trygge på å ha ein stad å vera, seier kultursjef Lennart Fjell.

For å sikra at huset vert brukt, er det brukarorganisasjonane sjølv som skal stå for aktivitetane.

Folkebiblioteket er ein av organisasjonane som alt har flytta inn med ein liten del av boksamlinga si. Dei skal og stå for eindel av arrangementa. Tidlegare i vår arrangerte dei kurs for unge teikneserieteiknarar, fortel biblioteksjef Trude Bendiksen.

Mang hinder i løypa
Ein offisielle opninger stunda for å takka dei mange gode kreftene som har bidrege i prosessen. Slik og denne dagen.

Tanken om å nytta den tidlegare helsestasjonen som ungdomsklubb kom eigentleg frå rådmann Steinar Nesse. Men andre presserande kommunale behov trengte lokala meir, enn så lenge.

Ideen til Frihuset var det dåverande KDF-leiar Vidar Arnesen og kultursjef Lennart Fjell som fekk under ei vitjing i Fjell sin venskapsby i Polen, ifølgje Fjell.

Konseptet om Frivillighuset spela dei inn ovanfor det nasjonale frivillighetsmiljøet. Slik fekk dei startkapital til å omgjera den nedslitne helsestasjonen til eit moderne forsamlingslokale med mange rom.

 

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.