Dagens sleivspark: Folkeveksten stoppar – kva med å trekkja bompengane inn i forklaringsmodellen?

Folkeveksten i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden har fått ein bråstopp. Tilbake sit politikarane og freistar vekkforklara utviklinga.

Asketappar og Sotrastrilar fryktar ein ukontrollert vekst i framtidige bompengeinnkrevjingar. Korleis påverkar det flyttemønsteret i Bergens-området? Arkivbilete.

I Askøy har dei for tida 315 ledige barnehageplassar, og trongt om plassen på skulane, ifølgje NRK.no.

-Slepp utbyggjarane til, krev opposisjonsleiar Siv Høgtun (H) i Askøy.

Politikarar ønskjer einkle forklaringar. Tek Høgtun ein kikk over Hjeltefjorden til nye Øygarden vil ho oppdaga at fleire bustadar ikkje nødvendigvis er rette svaret for å stimulera folkeveksten.

I nye Øygarden har vi forlengst sluppe utbyggjarane fri. I Fjell har dei endå til teke styringa. Som eit resultat er det for tida offisielt nærare 500 bustadar til sals i dei tre kommunane. Samstundes legg vi ned skular og manglar meir enn 100 barnehageplassar.

Hmmm… Forskjellig utgangspunkt, same resultat. Kan det vera andre faktorar som påverkar folk sitt flyttemønster?

Kva med å ta bompengar inn i forklaringsmodellen?

Asketappane er mellom dei som har høgast andel elbilar i landet. Og no skal elbilane byrja betala halv pris for passeringane i Askøypakken. Men ekstrainntektene vil ikkje monna nok til å hindra auke i satsane og fem års auke i nedbetalingstida.

I nye Øygarden klagar vi over køane over Sotrabrua. Om 6 – 8 år må vi betala bompengar straks vi passerer kommunegrensa.  Kanhende vert det bomstasjonar vest for Kolltveittunnelen også?

Kor stort det samla bompengetrykket i Bergens-området vil verta, kjenner ingen svaret på i dag.

Når skal politikarane i Høgre, Arbeiderpartiet og andre sokalla «ansvarlege» parti oppdaga at føreseibare kostnadar står høgt på prioriteringslista hos huskjøparane? Særleg hos dei unge?

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.