Avgiftssjokk trugar Torgdagen

I 42 år har Torgdagen lokka bergensarar og strilar til Bergen sentrum i 100-tusenvis. I år kom rekninga.

Så god som ny. SG Norden ved kai innerst i Vågen i Berge. Etter to omfattande restaureringar i regi av Fjell kystlag er gavlbåten som vart bygd i Os i 1916 klar for fleire storsildfiske.

Torgdagen er ein årleg folkefest for bymann og stril. Inst i Vågen i Bergen fortøyer kystlaga dei historiske bruksbåtane sine, etter å ha sigla og rodd til Torget i pakt med gammal tradisjon.

Torgdagen slik vi kjenner han er resultatet av kysttrubaduren Johannes Kleppevik sin ide og engasjement. I dag vert tradisjonen vidareført av eit Torgdagsstyre som står for det praktiske rundt arrangementet. Fjell kystlag og Askøy kystlag er mellom dei frivillige organisasjonane som mobiliserer tungt for å gjera arrangementet sjødyktig.

Skapar ringverknadar
Etter 42 år har dei frivillige i år for første gong fått rekning frå Bergen kommune på leige av plassen. 10.200 kroner krev Bymiljøetaten i Bergen for kystfolket i år skal kunna setja opp boder og selja vaflar, lefser og kaffi til dei mange tusen besøkjande.

Det var Bergensavisen som først omtalte rekninga.

Rekninga kom som eit sjokk, medgjev styreleiar Rolf Vonka i Torgdagen.

-Torgdagen er ein kulturbærar som set kystkulturen og strilakulturen på dagsorden. Det er ein viktig merkjedag for mange. Ein dag som skapar store ringverknadar også for næringslivet i Bergen sentrum, seier Vonka til nettavisa Tunnelsyn.no.

Avgiftssjokket kjem ikkje til å få konsekvensar for deltakarane dette året. Styret for Torgdagen legg opp til å betala rekninga, men har blitt oppfordra om å senda klage til Bymiljøetaten.

-Vi har godt håp om at klagen skal verta teken til følgje, seier Vonka.

-Temaet vil stå høgt på dagsorden når strilane møter Bergen kommune til planlegging av neste års arrangement, lover styreleiaren.

Solskinsseglas. Leiar Rolf B. Henriksen og Terje Larsen i Fjell kystlag lar ikkje rekninga frå Bergen kommune leggja nokon dempar på stemninga.

Siglar i medvind
Om bord i «MK Sotrabuen» var stemninga god i ettermiddag. Reisa frå Ågotnes til Bergen var ein solskinsseglas. Med «Norden», «Kari» og «Øystein» på slep leiar «Sotrabuen» konvoien av åtte tradisjonsrike bruksbåtar heimehøyrande i Fjell. I Bergen ventar heidersplassen innerst i Vågen.

-Eg trur dette går bra, er det einaste ein knapp leiar Rolf B. Henriksen i Fjell kystlag ønskjer å seia om rekninga frå Bergen kommune til nettavisa Tunnelsyn.no

Kystkulturen siglar i medvind om dagen. Nærare 80 større båtar er påmelde til Torgdagen dette året, ifølgje Vonka.

Neste år kan det koma eit nytt og langt større avgiftssjokk, ifølgje Bergensavisen. Bergen Havnevesen har til no ikkje kravd leige av Torgdagsfolka, verken for bod- eller kaiplass. Havnevesenet har antyda at dei då vil også krevja kaileige for dei mange veteranbåtane. Noko som i så fall vil påføra dei frivillige ei ekstrarekning på meir enn 100.000 kroner.

Vert dette ein realitet, kan dei frivillige kulturberarane ha blitt påført ei økonomisk bør dei ikkje maktar bera.

1 Comment

  1. Dette synes eg var ein aldeles framifrå ide frå AP styrte Bergen. Dette er noko som får fart på frivilligheten, og styrkjer
    bånda mellom kulturetat og grasrota i distrikta. Strilane vil nok ivra enda meir no for å få delta til torgdagen samt hjelpa Bergen til å framstå som den kulturby den ønsker å væra……kjempegreier!

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.