Flest vaksne ramma av bakterieinfeksjon

Til saman 42 vaksne og 13 ungar frå Askøy har vore innlagt på Haukeland Universitetssjukehus med mage-, tarmsymptom siste dagane.

Avstenginga av høgdebassenget på Øvre Kleppe verkar ha hatt positiv effekt på ureininga av drikkevatne på søre Askøy, ifølgje varaordførar Bård Espelid i Askøy kommune. Framleis er det for tidleg å avlysa epidemien. Arkivbilete.

18 av dei var framleis innlagt i dag føremiddag. Ingen av dei var kritisk sjuke, ifølgje ei nyhetsmelding frå Haukeland Universitetssjukehus.

Les: Undersøkjer barnedødsfall

Det var torsdag føremiddag at alarmklokkene i Askøy kommune byrja kima etter at helseinstitusjonene fekk uvanleg mange henvendingar frå personar med diare og magesjukdom, busette i nærleiken av Øvre Kleppe.

Vassprøvane frå det kommunale vassverket avslørte førekomst av bakteriar som framkallar diare hos menneskjer, som E. coli og campylobacter, frå høgdebassenget som forsyner søre delen av kommunen med vatn.

Høgedebassenget er no stengt av, og innbyggjarane i kommunen vert råda til å koka vatnet.

Resultata av vassprøvane sist døgnet viser ingen funn av E.coli på ulike stedar i ledningsnettet, ifølgje Askøy kommune si heimeside.

– Dette tyder på at avstenginga av bassenget har hatt effekt for å stoppa ureninga til vatnet. Nødkloranlegget på vassverket tilset klor. Dette har og bidrege til å betra den hygieniske kvaliteten på vatnet, seier varaordfører Bård Espelid.

Varaordføraren tør ikkje avlysa epidemien. Kommunen har utplassert vassvogner på sentrale stadar i søre del av kommunen.

Det tek frå ein til ti dagar frå ein person vert smitta med dei sjukdomsframkallande bakteriane og til vedkomande vert sjuk.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.