Kommentar: Om politisk mot

Dei som har late seg skremma vekk frå politikken på grunn av hatefulle kommentarar på sosiale media bør få med seg denne fjernsynserien.

Hatefulle kommentarar på sosiale medier kan verka skremmande. Historien er likevel full av døme på at politikk, i verste fall, kan vera livsfarleg.

«Usynlege heltar» er tittelen på ein finsk fjernsynsserie som for tida ligg ute på NRK.no.

Gjennom dei seks episodane føl vi det finske ektparet Tapani og Lysa Brotherus. Han vart utnemnd til handelsattasje i Santiago like før høgreorienterte generalar under leiing av Augusto Pinochet styrtar den lovleg valte sosialdemokratiske presidenten Salvado Allende i eit blodig militærkupp i 1973.

Dei finske diplomatane kjempar ein forgjeves kamp for å bevara nøytraliteten. Når forfølgte sosialistar hoppar inn over hagemuren og slår seg ned i heimane deira, vert det likevel vanskeleg å unngå å ta parti for revolusjonen sine taparar.

Saman med den overmotige svenske ambassadøren, glimrande spela av Mikael Persbrandt, og diplomatar frå DDR, kjempar finnane ein kamp mot alle odds for å få flest mogeleg av asylsøkjarane trygt ut av landet. Ein kamp som krev diplomatisk kløkt på høgt nivå såvel som utvist mot framfor overivrige soldatar med ladde gevær.

Politikk krev utvist mot. Det er ikkje ein hobby for «pusekattar», for å sitera ein tidlegare LO-leiar. Serien vert anbefalt til alle som måtte la seg skremma til taushet av hatefulle ytringar på sosiale media.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.