Steinar Nesse etter 15 år i rådmannstolen: -Fjell kunne sett annleis ut

Då Steinar Nesse vart tilsett i Fjell kommune i 1994, var det to prosjekt han var særleg oppteken av å få gjennomført. Det første vert ein realitet den dagen han går av med pensjon.

-Det er ikkje alt det går an å ta høgde for i planlegginga. Det er heller ikkje alt som vert slik som det vert planlagt, konstaterer Steinar Nesse etter 25 å i leiarstillingar i Fjell kommune.

Rådmann i Fjell kommune sidan 2005, Steinar Nesse, er eit engasjert og omvandrande oppslagsverk om utviklinga i det han karakteriserer som «sterkaste vekstkommunen i landet». Sjølv har han hatt ei av dei mest sentrale rollene heilt sidan han i 1994 vart tilsett som plan- og økonomisjef. Spør han, så får du heile historia – ikkje berre om korleis det vart, men også om korleis det kunne ha blitt.

– Du må skilja mellom samfunnsutviklinga – kva som skjer – og utviklinga av dei kommunale tenestene, startar Nesse ei timelang førelesing.

To utfordringar
Sosialøkonomen som hadde sin første arbeidsdag i Fjell i 1994, hadde bakgrunn som plansjef i Bergen kommune og som fylkeskommunal helseplanleggjar. Det var ei erfaring som kom til å setja preg på innsatsen hans også i Fjell.

Den nytilsette plan- og økonomisjefen gjekk offensivt ut. I eit stort intervju med Vestnytt presenterte han det han såg som dei to største utfordringane for den nye arbeidsgjevaren sin: Ei kommunesamanslåing med Sund og Øygarden, og ein ny veg nord – sør som kunne styrka kommunikasjonane mellom dei ulike delane av Sotra.

-Det er moro å sjå at kommunesamanslåinga vert ein realitet no til nyttår, og at vi har fått ferdig reguleringsplanen til vegen, seier Nesse. Sjølv går han av med pensjon den dagen den nye kommunen vert fødd. Finansieringa av vegen nord – sør er enno i det blå. Når han vert bygd, tør Nesse ikkje spå om.

Gode idear
– Dette var veldig gode idear i 1994. Begge burde ha fått si løysing for lenge sidan. Å få det til i dag vert meir komplisert. Kommunane, særleg Fjell og Sund, har vakse veldig frå kvarandre, hevdar han.

Rimelegare hadde det og blitt, om vi hadde fått det til kring hundreårskiftet. Den gongen vart nytt Sotrasamband og ny veg nord – sør på Sotra rekna som ein pakke, med ei samla investeringsramme på 5,4 milliardar kroner.

– Hadde eg fått gjennomslag den gongen, hadde verda sett annleis ut, hevdar Nesse ubeskjedent.

Tok folkeveksten med seg
Frå arbeidet med kommuneplanen i Bergen visste Nesse at folkeveksten måtte koma i nabokommunane; Fjell, Askøy, Os og Lindås. Bergen hadde ikkje økonomiske musklar til å byggja for ein sterk folkevekst, til dømes nye skular. I staden tok Nesse veksten med seg til Fjell.

-Det siste vi gjorde i kommuneplanarbeidet i Bergen var å ta eit fastlandssamband i sør ut av kommuneplanen. Vi var ikkje komne langt nok i samtalane med Sund til å eit slikt samband kunne la seg realisera, ikkje då. Det var inne i planen. Om vi hadde teke det med, hadde det vore som å setja bjølla på katten, seier Nesse.

I Bergen stod tanken om eit nytt fastlandssamband til Sotra høgt på dagsorden. Der var det og brei semje om at det nye sambandet burde koma i sør. Ein ny veg nord – sør på Sotra ville i så fall vera eit krav for å spreie folkeveksten.

– Eg fekk mykje kritikk for å snakka om eit slikt sensitivt spørsmål, minnast Nesse.

-Dei tinga som glipp i historia kan vera dei store tinga, legg han ettertenksamt til.

-Om vi hadde fått eit samband i sør på 1990-talet, ville vi ha fått ei langt meir balansert utvikling i folketalet.

Politikk kan få store konsekvensar. Det er uråd å ta høgde for alt i planlegginga. Ikkje alt vert heller slik som ein planlegg, medgjev han.

Kraftlinjenederlaget

For svake i forhandlingane. Steinar Nesse ergrar seg framleis over plasseringa av høgspentlinja til Kollsnes gjennom Fjell.

Ord som «fenomenalt» og «fantastisk» sit laust når rådmannen i Fjell gjennom 15 år ser tilbake på den utviklinga han har vore med på. Men alt er han ikkje like nøgd med: Lokaliseringa av kraftlinja som forsyner Kollsnes med straum gjennom kommunen, ergrar han seg framleis over. Dei enorme høgspentmastene som i dag skjærer gjennom Straume og Ågotnes er hindre for ei god utvikling i tettstadane.

-At kraftlinja vart bygd var samfunnsmessig viktig, men…

-Plassering av linja har fått store konsekvensar i ettertid. Fjell kommune var ikkje rusta til å jobba med eit slikt prosjekt. Vi evna ikkje sjå langt nok fram i tid. I dag bit plasseringa av kraftlinja oss i halen, hevdar Nesse som akkurat hadde byrja å jobba i kommunen då meldinga om kraftlinja kom.

– Fjell mangla kunnskap til å føresjå stadutviklinga. Den gongen var det jo ingenting der. Vi mangla planleggingskompetanse, og vi var ikkje dyktige nok i forhandlingane med BKK og Staten. Difor fekk vi ingenting att anna enn belastningane. I Øygarden gjorde dei alt rett. Der var dei meir offensive. Straks du kjem over grensa til Øygarden går kraftlinja i rør i bakken. Der klarte dei til og med å forhandla seg fram til ny veg oppå kraftlinja. Fjell burde i det minste ha fått ein ny veg frå Kolltveit til Ågotnes, sukkar han.

Bydanning
Å ha fått vera med å planleggja for folkeveksten i Fjell er det Nesse er mest nøgd med. Utvikinga på Ågotnes har vore fenomenal. Der er det blitt bygd utruleg mange bustadar. Byutviklinga på Litle Sotra er og etter hans ideal.

-Det var jo ingenting på Straume den gongen, berre eit slite kjøpesenter, hevdar han.

Bytanken vart først utvikla i 2003 – 2004, på bakgrunn av folkevandringa. Mange flytta inn til kommunen, men nesten like mange flytta ut. Ei spørjeundersøking mellom dei som flytta ut viste at mangel på leiligheiter var ein vesentleg del av forklaringa; folk skilde seg og trong mindre husvære, ungdom flytta til Bergen for ta utdanning.

I dag står mange leiligheter på Straume tomme, men den gongen vart planen om å byggja by på Straume det politiske svaret på eit erkjent bustadbehov, ifølgje Nesse.

Byutviklinga er resultatet av ein fenomenal folkevekst. I desse 25 åra har innbyggjartalet i Fjell auka frå 15.000 til 26.000.

-Ingen andre kommunar kan måla seg med Fjell når det gjeld folkevekst. Kvart år har vi fått 400 – 600 nye innbyggjarar. Det har vore mange fødslar, men og ei sterk netto tilflytting, hevdar Nesse.

-Folkeveksten har vore ei stor utfordring, medgjev rådmannen. Ikkje alle kommunar har meistra utfordringa like bra som Fjell.

Å få det til har vore komplisert, men balansen mellom Ågotnes og Straume er noko av forklaringa på at det har gått bra, tenkjer Nesse.

-Det mest overraskande er ar folk har funne seg til rette. 80 prosent av tilflyttarane kjem frå Bergen, men det har vore overraskande lite motsetnadar. I samfunn med så store endringar vert det lett sosial uro, men det har ikkje skjedd i Fjell. Folk har flytta hit og slege seg til ro, konstaterer han.

-Fjell har klart å ta mot veksten. Mange har flytta hit fordi dei synes vi har eit godt tilbod, hevdar Nesse.

Stolt over helselandsbyen
Så er då også utviklinga av dei kommunale tenestene det feltet Nesse er aller mest nøgd over å ha fått vore med på å byggja opp.

-Eg kan ikkje ta ære for den, men eg har fått vera med å bidra, smilar han.

Då tenkjer Nesse først og fremst på utviklinga av dei kommunale helsetenestene. Ein historie som starta midt på 1980-talet. Etter ein studietur til Danmark, vart lokalpolitikarane på helse- og sosialfeltet så imponerte at dei like godt kjøpte eit 100 mål stort område på Straume på billigsal, til framtidig utvikling av nye tilbod.

-Dei visste ikkje kva som ville koma, men dei gjorde eit historisk vedtak. I dag har vi helselandsbyen og Øygarden lokalmedisinske senter. Gjennom samarbeid med Helse Bergen har vi fått topp moderne tilbod på dei fleste område; legevakt, bu- og servicesenter for eldre, dialyse, psykiatri, intermediær avdeling, ramsar han opp.

-I dag er det vi som er vertskap som tilreisande delegasjonar som ønskjer å studera våre løysingar, smiler han.

I 1994 var legevakta ein telefon på sjukeheimen. Legen køyrte rundt til pasientane i sin eigen bil. I dag tilset ambulansetenesta meir enn 60 personar.

Barnevernstenesta utgjorde den gongen to personar tilsett på engasjement. I dag er meir enn 50 personar tilsette i barnevernet i kommunen.

Barnehagedekninga på 1990-talet var på beskjedne 30 prosent. I dag planlegg kommunen for bygginga av dei siste 130 plassane før full barnehagedekning.

Les: Her vil dei ha barnehage

Etableringa av eigen kommunal pensjonskasse og VA-veksemda FjellVar må med på lista over det Nesse kallar «smarte grep» i utviklinga av kommunen. Reinseanlegget på Våge skal erstatte ei rekkje mindre anlegg, kostar 350 millionar kroner, og skal stetta dei strengaste reinsekrava i EU.

-FjellVar er noko av det fjellsokningane skal vera stolte over. Som eit resultat av viljen til å investera har kommunen eit moderne leidningsnett utan lekkasjar. Trass stor vekst i talet på abonnentar hentar vi ikkje meir vatn ut av bassenga no enn vi gjorde for ti år sidan.
-Ein kommune sviktar innbyggjarane om han ikkje leverer reint vatn til innbyggjarane, seier Nesse med klår referanse til den pågåande vass-skandalen i Askøy.

Aukande avgiftsnivå
Kommunebudsjettet speglar utviklinga. Frå beskjedne 350 millionar i 1994, har budsjettet vakse til over to milliardar siste året Fjell er eigen kommune. Som ein konsekvens av utbygginga av dei kommunale tenestene har talet på tilsette auka frå 600 – 700 til nærare 2.000.

Rekninga må innbyggjarane ta. VA-avgiftene vil gå noko opp, særleg på avløp, medgjev Nesse.

Investeringane har vore gjort i forventning om framtidig folkevekst. Tanken er at mange nye innbyggjarar skal vera med på å betala ned investeringane. Sett i eit slikt lys vert stagnasjonen i folketalsutviklinga siste åra urovekkjande. Kommunesamanslåinga vil redusera vekstprognosane. Sund og Øygarden har ikkje folkevekst, ifølgje rådmannen i Fjell.

-Om folkeveksten ikkje held fram, vil bustadutbygginga stoppa opp av seg sjølv, fryktar Nesse.

Den store, stygge ulven
Bompengane er den store, stygge ulven i så måte. Når nye Sotrasambandet står ferdig vil ein tur over brua kosta 40 – 50 kroner kvar veg.

-Om vi plussar det på med bompengane innover i Bergen, vert det frykteleg dyrt å bu på Sotra og arbeida i Bergen, eller å bu i Bergen eller på Askøy og handla på Sotra. Fjell er einaste kommunen i Hordaland utanom Bergen som har stort handelsoverskot. Nær halvparten av handelen på Sartor Storsenter kjem utanfrå. Med bompengar på Sotrasambandet er det ikkje sikkert at publikumstilstrøyminga frå andre sida av brua vil vera like stor som i dag. Sviktar salet, er det ikkje sikkert at handlesenteret vil klara å oppretthalda dei attraktive tilboda, fryktar Nesse.

Korleis sikra velstandsutviklinga?
-Kva vi skal gjera for å ivareta den velstanden vi har i dag, vert den store utfordringa nye Øygarden må gripa fatt i, konkluderer den avtroppande rådmannen i Fjell.

Fjell har vore flink til å skapa arbeidsplassar. Den aukande utpendlinga som kommunane no opplever som følgje av oljeprisfallet i 2014, er ikkje noko godt teikn. Høgt løna arbeidskraft har funne seg nye jobbar i Bergen, men med mykje lågare løn.

– Fallet i skatteinntektene siste åra har vore dramatisk. Det er eit tankekors at den nye kommunen samanlagt vil verta ein fattig kommune, seier Nesse.

Les: Økonomisjefen i Fjell: -Vi vil aldri koma tilbake dit

-Bompengane kan vera det som set ein stoppar for folkeveksten framover, fryktar Nesse.
Innkrevjinga på Sotrasambandet vil skje over 20 – 30 år. I Askøy gjekk folketalet ned som følgje av bompengane på Askøybrua, og det gjekk lang tid før folkeveksten tok seg opp att.
For å stimulera folkeveksten framover vil det vera naudsynt å lytta til kva tilflyttarane vil ha.

Noko ytterlegare fortetting på Straume er ikkje svaret på korleis lokka fleire til å busetja seg på Sotra, trur Nesse.

Heile kommunen må takast i bruk. På vestsida er det eit stort uutnytta potensiale. Utfordringa her er behovet for ny veg, og ytterlegare utbygging av VA-nettet.

-Vi har noko ugjort på vestsida, seier han.

Som eit pluss vil ei slik spreiing av bustadbygginga innebera at det vil vera mogeleg å bevara Foldnesmarka som friområde for innbyggjarane på Litle Sotra.

Les: Vegen kom aldri til Saltskohavn

Les: Opplev Foldesmarka

Føl spelereglane
Som rådmann har Nesse hatt mykje makt. Politikarane er likevel dei som har hatt siste ordet. Undervegs har det vore mange politiske vedtak han har vore usamd i, medgjev han, utan å villa trekkja fram eksempel.

-Det gjer meg ingenting. Det er berre å gå vidare. Det er slik spelereglane er, seier han.

Dagleg har Nesse diskusjonar med politikarar frå dei ulike partia.

-Gjennom 25 år har eg alltid hatt eit godt tilhøve til ordførar og varaordførar frå dei fleste partia i Fjell – elles hadde eg ikkje site her, smilar Steinar Nesse etter 15 år i rådmannstolen i Fjell.

Advertisements

2 Comments

  1. Legg merke til at det nevnes ingenting om skolestrukturen. Den har dessverre fått lide. Tenk om rådmannen kunne sagt at vi har den beste skolen i landet! Da ville det nok ha ført til økt folkevekst. Sats på barna. Det er fremtiden. Til det trenger vi en ny ledelse! Det er valg til høsten.

    Likar

  2. Interessant å lese rådmannens panegyriske omtale av sitt arbeid i Fjell kommune. At han både har initiert og støttet den totale raseringen av skolen i Fjell nevnes naturligvis ikke. Det er ganske mange som har et diametralt annet syn på rådmannens ettermæle enn han selv synes å ha. Full barnehagedekning og ingen plan for skole er komikk på høyt nivå.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.