Kvinne frå Askøy døydde

Ei 72 år gammal kvinne frå Askøy døydde på Haukeland Universitetssjukehus i går. Kvinna vart innlagt med mage- og tarmsymptom i helga.

Kvinna hadde fått påvist  bakterien Campylobacter. Det opplyser Haukeland Universitetssjukehus i ei pressemelding sendt kl. 13.30 i dag.

-Pasienten hadde ei veldig alvorleg bakanforliggjande grunnliding. Den endelige dødsårsaka veit vi difor ikkje. Det vil verta gjennomført obduksjon. Dødsfallet er rutinemessig meldt til fylkeslegen og politiet, seir kommunikasjonsdirektør i Helse Bergen, Erik Vigander i pressemeldinga.

To vaksne frå Askøy vart innlagt på Haukeland Universitetssjukehus med symptom på bakterieinfeksjon i går. Begge er vaksne, ifølgje den daglege oppdateringa  frå Haukeland Universitetssjukehus.

Til saman sju personar frå Askøy har vore innlagt siste døgnet.

Sidan utbrotet av smittsam bakterieinfeksjon som føljge av forureining av drikkevatnet på søre Askøy vart oppdaga for ei veke sidan har 64 personar vore innlagt på sjukehuset med symptom på diare og magesmerter. Tolv av dei var born.

Askøy kommune melder om mindre pågang på Askøy legevakt frå alvorleg sjuke i går.

Les: Flest vaksne ramma av bakterieinfeksjon

Les: Undersøkjer barnedødsfall

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.