Fiskelukke på Hellesøy

I bua på kaien på Hellesøy står fem muntre karar og sløyer og fileterer fisk så sloet sprutar.

Litt av dagens fangst. Alex Ermich er strålande nøgd med fiskelukka nord for Hellesøy.

Dei fem karane er tyske fisketuristar.

På Hellesøy har dei kome til rett stad. Her ved utløpet av Hjeltefjorden er det berre å kaste sluken uti, så bit det. Andre dagen uti opphaldet på Hellesøy kom dei til lands med ein 50-liters balje fyllt med torsk, sei og makrell.

-Fangsten i går var like god, smiler Alex Ermich som er den einaste av karane som snakkar litt engelsk.

Planen er å vera på Hellesøy i sju dagar, og fylla to fryseboksar med fersk og nyfiska fiskefilet før dei set seg i bilane og set kursen heimatt til Wirtheim.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.