Sprang for Mathare

Kaninar, fargerike parykkar og ungdomar i handlevogn.

Karoline Einevoll (tv), Victoria Drønen og Solveig Hernandez i fin driv etter ein runde rundt Sartor Senter, og dei gav seg ikkje med det…

Dei kreative påfunna var mangfaldige då eit 150-tals elevar i 8. og 9. klasse ved Fjell ungdomsskule i dag arrangerte «Løp for livet» til inntekt for å henta eit jentelag frå slummen i Nairobi til Norway Cup.

Ved å springa rundt Sartor Senter håpa dei å kunna henta inn minst 40.000 kroner frå lokale sponsorar. Sponsoravtalane hadde elevane sjølv skaffa seg på førehand.

-Kvar runde tel. Kreative påfunn gjer at elevane kan forventa auka bidrag frå sine sponsorar, fortalde ein optimistisk lærar Viggo Eide ved Fjell ungdomsskule.

Å henta eit heilt jentelag frå Kenya til Norge og Sotra kostar pengar.

-Vi hadde ikkje kunna henta jentene til Norge utan dette økonomiske bidraget,  fortel Anders Mongstad som er leiar for Mathare-komiteen i Fjell.

Samarbeidet med fotballklubben i Mathare i slummen i Nairobi går langt tilbake. Dette vert 19. året fotballjentene kjem til Norge. Dei seksten jentene og tre av leiarane deira skal vera på Sotra i ei veke før fotballfesten i Oslo startar.

Det var klasse 9A som planla og stod som arrangør av løpet.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.