Kongen av Hjartøy

Vert Anders Hjartøy (22) den yngste folkevalde i kommunestyret i nye Øygarden?

22-årige Anders Hjartøy har fagbrev både som anleggsmaskinførar og frå fjell og bergverksfaget.

Nominert på ein kumulert 6. plass på lista er 22-åringen Anders Hjartøy frå Møvik FrP sitt unge håp til kommunestyret i nye Øygarden. Skal han få fast plass i kommunestyret må partiet få inn seks representantar.

Beskriv deg sjølv med tre ord?
-Arbeidssam, kjem det straks
…og snill, sikkert.
Så vert det stille, lenge, før han legg til:
…avslappa, eg lar meg ikkje stressa.

Arbeidssam
22-åringen køyrer rundt i eigen firmabil, med ope lasteplan, sjølvsagt, og med mobilnummeret på sida. Slår du av ein prat, forstår du fort at ungguten som vaks opp så og seia i fjøresteinane på vestsida av Sotra har fått mangesysleriet inn som levebrød frå tidleg alder.

Nettavisa Tunnelsyn.no møter han på Hellesøy, heilt nordst i Øygarden, der han held på å sprengja ut ein veglaus naustetomt. At han ikkje er redd for å verta skiten, verken på hendene eller på kleda, er tydeleg.

Etter ungdomsskulen gjekk han rett i lære i familieverksemda Hjartøy Entrepenørforretning AS.

-Eg var ikkje særleg skuleglad. Det er betre å jobba, medgjev den unge karen som meir eller mindre vaks opp i ei gravemaskin saman med faren.

Uttrykket «lite skuleglad», seier ingenting om evner. Det må ha vore slike som Anders Hjartøy Siv Jensen hadde i tankane då ho utforma sitt idealbilete av ungdom som skal byggja landet.

Les: Dei som skal byggja landet

Etter fire år som lærling har han kunna henga to fagbrev i glas og ramme på veggen heime: eit frå «Fjell og bergverksfaget», og eit frå «Anleggsmaskinførarfaget».

-Eg har sertifikat for sprengningsarbeid, legg han til, tydeleg stolt.

Familien sin mann
Til hausten set han seg på skulebenken att. No skal ungguten verta ingeniør i anleggsfaget. Eit treårig utdanningstilbod på deltid gjennom fagskulen i Hordaland.

-Det skal verta interessant. Familien ser at vi kan ha nytte av utdanninga, seier han.

Å ha ingeniørar tilsett i ei entrepenørverksemd er snart eit krav for å få godkjenning i tiltaksklasse to. Då kan dei leggja inn bod på større jobbar, typisk over 10 millionar kroner, utdjupar Anders Hjartøy.

-Konkurransen om jobbane aukar, konstaterer han.

Først og framst er Anders Hjarøy familien sin mann. Tilsett i ei familieverksemd er han omgjeven av far, to onklar, besten, søsken og søskenborn heile dagen. Mest alle tilsette tilhøyrer den aller næraste slekta.

At han skulle byrja i familieverksemda var sjølvsagt:
-Eg hadde ikkje visst kva eg skulle gjort elles. Det er ikkje noko aktuelt spørsmål, svarar han på spørsmål om han vurderte andre alternativ.

-Kva seier mor di?

22-åringen med eigen firmabil er tydeleg stolt over å ha sertifikat for sprengningsarbeid.

-Ho jobbar på kontoret. Ho har teke over etter farmor, smiler han.

Vestsidevegen og ungdomshus
-Politikk er spanande, tenkjer Anders Hjartøy. Det var eine onkelen, Lars Olav Hjartøy, som fekk han interessert i politikk og inn i FrP. Etter eitt års medlemskap var han med på å revitalisera FPU tidlegare denne våren.

Les: Gjenoppvekkjer FpU

Ungguten føl med på kva som skjer i samfunnet rundt han. Dei daglege erfaringane dominerer valet av lokale kampsaker før kommunevalet. Kjem han inn i kommunestyret vil han kjempa for den lenge etterlyste utbetringa av Vestsidevegen og redusert sakshandsamingstid i utbyggingssaker. Den unge kommunen treng og fleire ungdomsklubbar med utvida opningstid.

– Frihuset på Ågotnes må få pengar til å halda ope meir enn ein kveld i veka, oppfordrar han på vegne av ungdomane i kommunen.

Les: Delingsøkonomien inntek Fjell

– Ungdomsklubbane har eit bra tilbod, men vi treng fleire av dei. Det bør koma ein i Sund, og ein i Øygarden, utdjupar han.

Sentraliseringa i kommunesenteret på Straume ønskjer han ikkje å seia så veldig mykje om, utanom:

-Dei må ikkje bruka opp alle pengane der!

På landsplan er den unge politikaren mest oppteken av samferdsel. Det må verta meir pengar til vegar, og nei til meir bompengar.

Instagram
Overskrifta på denne saka er henta frå Instagram-kontoen til Anders Hjartøy. På sosiale media framstår «Kongen av Hjartøy» som ein avslappa kjæreste, med sambuar, sauer og båtar.

Familien har namnet sitt frå Hjartøy, ei veglaus øy like sør og aust for Syltøy. Her eig dei framleis eit bruk på 450 mål som Anders og den yngre bror hans så smått har teke til å gjennerobra frå naturen etter å ha lege brakk ei tid. Med ein 19-fots daycruiser er Hjarøy berre tre minutt unna heimen, slik at dei 25 vinterfora sauene og tre geiter kan få dagleg tilsyn. I sommar har dei bestemt seg for å slå graset på bøane, for første gong på lenge. Så får dei sjå, etter kvart.

Tek Anders Hjartøy seg fri ein sjeldan kveld, hender det at han og samburaren tek ein tur på kino; Science Fiction engasjerer.

Sjølv om han no skal til å utdanna seg til ingeniør, ser ikkje Anders Hjartøy for seg at han skal verta nokon skrivebordsarbeidar. Ikkje med det første.

– Eg trivest ute, slår han fast.

– Om vinteren driv eg med strøing og måking av vegar, legg den arbeidssame 22-åringen til.

Advertisements

1 Comment

  1. Det er vel på sin plass at ungdomm med arbeidslyst og pågangsmot tar del i politikken. Som ein av dei få som har Arbeidsmoral.
    Helsing Svein Olaf Toft

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.