Skapar kommunal bustadgigant

Gjennom eigarskapen til Øygarden bustadutvikling KF og Fjell bustadstifting, vil det offentlege verta største aktøren i bustadmarknaden i nye Øygarden kommune.

Straumeporten. Her har bustadkontoret i Fjell kjøpt 18 husvære som dei leiger ut.

Til saman vil Øygarden bustadutvikling KF og Fjell bustadstifting ha kontroll over til saman 481 bustadar. Det offentlege vert dermed den største bustadaktøren i nye Øygarden kommune, kjem det fram av ei sak til Fellesnemnda i morgon.

Nytt KF
Politikarane i dei tre kommunane har tidlegare gjeve Fellesnemnda fullmakt til å etablera det kommunale føretaket Øygarden bustadutvikling KF. Den nye organisasjonen skal samla aktivitetane Fjell, Sund og Øygarden i dag har på området bustadeige/-utleige og bustadutvikling.

Stor portefølje
Det nye kommunale føretaket vil kontrollera ein stor og variert portefølje av bustadar, kjem det fram av sakspapira.

Sund Eigedomsutvikling KF vil innan årets utgang eiga 120 bustadar.

Øygarden har ikkje noko eige bustadkontor. Kommunen eig eit 50-tals bustadar av ulik storleik. 14 av desse er øyremerka eldre, funksjonshemma og personar med psykiske lidingar. I tillegg disponerer kommunen ti bustadar gjennom leigeavtalar med private.

Samarbeid
Fjell bustadstifting og Bustadkontoret i Fjell eig og disponerer til saman 301 bustadar.

Bustadkontoret i Fjell har dei siste åra drive ei svært aktiv oppkjøpsverksemd, særleg på Straume.

Les: Rådmann favoriserte politisk komiteleiar ved bustadkjøp

Det vert ikkje planlagt å inkludera Fjell bustadstifting i Øygarden bustadutvikling KF. Stiftinga styrer seg sjølv. Sidan nye Øygarden kommune vil ha rett til å tildela nærare halvparten av bustadane i stiftinga sitt eige, vil det likevel vera naudsynt å få til eit godt samarbeid mellom dei to kommunale bustadaktørane, ifølgje sakspapira.

Verksemdoverdraging

I Straumehagen eig Bustadkontoret i Fjell 10 husvære.

Dei tilsette i Sund Eigedomsutvikling KF og Fjell bustadkontor vil verta overførte til det nye kommunale føretaket, jamfør Kommunelova sitt krav i tilknyting til verksemdoverdragingar.

Fellesnemnda skal i morgon velja interimstyre for nye Øygarden bustadutvikling KF. Styret skal ha ansvar for å tilsetja dagleg leiar. Noko av det første dei må til med er å utarbeida ein oversikt bustadporteføljen, kva verdiar verksemda kontrollerer og korleis gjeldssituasjonen er.

Nye vedtekter
Den nye verksemda skal drivast basert på ein økonomisk vurdering av korleis føretaket sine verdiar best kan bli forvalta, ifølgje framlegget til vedtekter for organisasjonen som Fellesnemnda skal ta stilling til i morgon.

Øygarden Bustadutvikling KF skal vera eit sosialt verkemiddel for å skaffa bustadar til målgrupper kommunen til ei kvar tid ønskjer å tilgodesjå med eit tilbod om bustad. Øygarden kommune sin bustadsosiale handlingsplan skal liggja til grunn for føretaket si verksemd.

Føretaket skal likevel ikkje vera ansvarleg for å handsama søknader om bustad og å tildela bustader – det skal administrasjonen i Øygarden kommune ha ansvar for.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.