Alle kan ikkje rekna med å få behalda jobbane

I løpet av denne veka vert det klart kven av dei tilsette i Fjell, Sund og Øygarden kommunar som vil få jobb i nye Øygarden.

Overtallige vil verta plasserte i ei ressursgruppe og får inntil to år på seg til å finna ny jobb, lover prosjektrådmann Rune Lid.

Ikkje alle dei som i dag er tilsett i dei tre kommuneadministrasjonane kan rekna med å få behalda jobben etter kommunesamanslåinga, kom det fram under presentasjonen prosjektrådmann Rune Lid haldt for politikarane i Fellesnemnda i dag.

Usikkert kor mange
Omrisset av administrasjonen i den nye Øygarden kommune byrjar no å verta tydeleg. I løpet av denne veka vil det vert avgjort kven av dei tilsette det er funne plass til i organisasjonskartet i den nye kommuneadministrasjonen, fortalte prosjektrådmannen.

Ingen skal mista jobben, og ingen skal gå ned i løn, vart det vedteke i Intensjonsavtalen som ligg til grunn for kommunesamanslåinga. Slik vert det ikkje.

-Nye Øygarden er i ein svært krevjande økonomisk situasjon. Det vert forventa at vi effektiviserer drifta, seier Lid.

Løn i to år
Kor mange av dei tilsette som ikkje vert innplasserte i den nye kommuneadministrasjonen, har prosjektrådmannen enno ikkje oversikt over.

Dei overtallige vil verta overførte til ei ressursgruppe. Dei vil dermed vera sikra løn dei komande to åra. I løpet av denne tida vert det klart om det oppstår behov i den nye organisasjonen som tilseier at dei likevel kan få jobb i den nye kommunen. Dei som ikkje får ny jobb i løpet av denne perioden må rekna med å verta oppsagte til nyttår 2021.

-Ei generøs ordning, hevdar varaordførar Tom Georg Indrevik (H) i Fjell.

Velkvalifisert
– Nye Øygarden vil få om lag 2.500 tilsette. Det er heile tida utskiftningar mellom dei tilsette. Eg trur mange av dei overtallige vil ha kompetanse som gjer at dei er kvalifiserte for ledige jobbar. Dei som treng det vil og kunna få hjelp med kompetanseheving, seier Lid.

-Dette er ein veldig krevjande situasjon. Ingen synes dette er gøy, men vi er nøydd til å gjera det, beklagar Lid.

Spara tosifra tal millionar
Prosjektrådmannen reknar med å kunna spara eit tosifra tal millionar gjennom å redusera talet på tilsette i den nye kommuneadministrasjonen samanlikna med dagens situasjon i Fjell, Sund og Øygarden. Etableringa av ressursgruppe inneber at innsparinga først kan hentast inn etter to år.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.