Spektakulær utekonsert i havgapet på Algrøy

Dei fekk ei konsertoppleving utanom det vanlege.

Foto: Hans Inge Algrøy

Av Hans Inge Algrøy

Meir enn 200 menneske fann vegen til Maggevikja vestrast ved havet på Algrøy søndag 16. juni til ei konsertoppleving utanom det vanlege.

«Algrøykoret» som var arrangør, og koret «Feiekostane» frå Fedje framførde i alt 15 korsongar med utgangspunkt i sjø og hav, natur og kultur på kysten.

I tillegg framførde kora sine dirigentar, Olav Ulveseth og Arild Roth, musikkstykket Bergrosa på trekkspel og fiolin.

Dei to kora har mykje til felles ettersom begge har sitt utgangspunkt i verharde øyar der lyngen klomheld seg i jorda for ikkje å blesa på sjøen, og blankskurde svaberg lutar seg nakne og kvite ned mot stranda. Samspelet var difor godt både musikalsk og kulturellt.

Publikum kjende seg igjen i songane og song med i den fine soldagen som etterkvart skapte ei flott ramme rundt konserten. Mange slo seg ned på svaberga etter konserten for å drikka kaffe og sjå på sjøfuglane og bølgjene som leika vidare i den fine sommardagen.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.