Den tidlege lokalpolitikken: Då KrF vart det nye Venstre

Venstre var i nærare 40 år einaste politiske partiet med lokallag i Fjell. Ein lokalpolitikk der kvinnene var så godt som fråverande.

Industrireisinga i Knarrevik gjode bygda til eit heilt spesielt samfunn i Fjell, også politisk, hevdar bygdebokforfattar Halvor Skurtveit.

Fleire dramatiske politiske skifte sette sitt preg på dei første 80 åra med folkevald styre i Fjell. Kamp for saker med lokal interesse, som vegar, skular og kraftutbygging, dominerer historia om den politiske utviklinga av kommunen, særleg frå 1920-talet og framover. Det skjedde sjølv om mange fjellsokningar med røysterett lenge var svært lite interessert i å nytta retten sin, ifølgje Halvor Skurtveit. Skurtveit, saman med medforfattaren Gaute Losnegård, vil presentera lokalpolitikken i all si breidde i neste bandet av Fjell bygdebok som kjem våren 2020.

Venstrebølgja
Politikk var lenge noko som berre vedkom øvrigheita, som prestar, lensmenn, handelsmenn og lærarar. Politiseringa av kommunen som no snart vert historie tok først av i 1883. Då rulla Venstrebølgja over landet, under leiing av seinare statsminister Johan Sverdrup. Parlamentarismen vart innført i 1884, og både Venstre og Høgre vart danna som nasjonale parti same året. Nasjonalt oppstod Venstre i opposisjon til unionen med Sverige og til forsvar for auka norsk sjølvråderett.

-Venstre hadde ei lokal oppbløming i Fjell alt før den nasjonale partiorganisasjonen vart danna. Fjell Venstre vart danna så tidleg som i 1883, seier Skurtveit.

-Dei første spora av eit lokalt Høgre-lag må vi heilt fram til 1921 for å finna. Først då vart Fjells Høireforening stifta. Det betyr likevel ikkje at fjellsokningane tidlegare ikkje hadde noko formeining om kven som var Venstre- og kven som var Høgre-folk, ifølgje Skurtveit.

Ingen heidningar
Første leiaren av Fjell Venstre var handelsmann på Langøy og heitte Anders Nilsen Langøen. Både ordførar og handelsmann på Brattholmen, H.J.W Juuhl, og lensmann P.C. Lie var aktive i danninga av Fjell Venstre.
Dei to leiande Venstre-mennene måtte tola kritikk frå sokneprest Koren, for at dei ikkje var gode kristne.

– Nasjonalt stod fleire i Venstre-rørsla for eit religionkritisk syn, men det var ikkje tilfelle i Fjell. Fleire av Venstre-folka gjekk offentleg ut for å tilbakevisa skuldingane frå soknepresten om at namngjevne Venstre-folk skulle vera heidningar, ifølgje Skurtveit.

-Bygginga av den nye kyrkja på Fjell i 1870 var ei av Juuhl sine kampsaker, seier Skurtveit.

Etablering av nye dampskipsruter var ei anna av Juuhl sine kampsaker.
Les: Då fjorden var Riksveg 1

Avhaldsmann var han derimot ikkje.
– Det at Juuhl var brennevinshandlar, var kanskje det som stoppa han frå å verta Stortingsmann. Dei siste tiåra på 1800-talet var avhaldsrøyrsla på frammarsj i kystkommunane. Juuhl var vara til Stortinget, men fekk aldri møta, filosoferer bygdebokforfattaren.

Dei moderate tok over
Juuhl døydde i 1888, etter meir enn 20 år som ordførar. Samstundes vart Venstre nasjonalt splitta i eit moderat og eit meir radikalt parti. I Fjell ser det ut til at aktiviteten i det opphavelege Venstre-laget smuldra vekk. I staden ser det ut til at lokalpolitikken utvikla seg i ein meir konservativ retning.

-Spørsmålet om kristendomen si stilling var truleg noko av forklaringa på splittinga av Venstre. Det moderate Venstre stod sterkt i Fjell. Anders Nilsen Langøen tilhøyrte denne fløyen. For han, som for mange andre på Vestlandet, var det religiøse viktig, seier Skurtveit.

Så vart det då også Moderate Venstre som kunne senda første fjellsokningen på Stortinget. Sokneprest Thorleif Fretheim vart innvald som varamann frå Søndre Bergenhus amt for Moderate Venstre i 1891.

Dei lokale partitilhøva på denne tida var heller uoversiktlege. Dei skriftlege kjeldene til den lokale politikken frå denne første tida med parlamentarisme er sparsame. Protokollane frå møta i kommunestyre og formannskap inneheld berre vedtaka, ingenting om diskusjonane eller kva parti dei ulike representantane møtte for, beklagar bygdebokforfattaren.

Den gongen, som no, fann mykje av dei krassaste ordvekslingane stad i avisene sine spaltar.

Jobbetid og krise
Første verdskrigen frå 1914 til 1918 snudde opp-ned på mykje, også i Fjell. Optimismen under «jobbetida» førte til at det vart gjort store investeringar i industri, særleg i Knarrevik, og i etablering av det første kraftverket i Fjell. Behovet for arbeidskraft i fabrikkanlegga førte til ei sterk tilflytting til bygda, og til ei radikalisering av politikken. Første Arbeidarparti-laget vart etablert i Knarrevik alt i 1918, altså tre år før det første Høgre-laget såg dagens lys i Fjell.

I 1918 slutta verdskrigen, og nedgongstida byrja. Den russiske revolusjonen året før utløyste stor politisk uro over heile Europa. Mellomkrigsåra var prega av store, dramatiske hendingar, og sterke motsetnadar, også i Fjell.

-Arbeidarpartiet på den tida omfatta både kommunistar og arbeidarpartifolk, og var prega av sterk indre kamp, seier bygdebokforfattaren.

Den sterke bedehusrøyrsla gjorde at politikken og retorikken til KrF slo godt an i Fjell i etterkrigsåra, seier Halvor Skurtveit. Her framfor «Sion» på Ekerhovd som var eitt av dei første bedehusa i kommunen.

Når Arbeiderpartiet i denne perioden ikkje fekk noko særleg tilslutning utanfor Knarrevik, var det likevel truleg fordi fleirtalet av innbyggjarane på den tida var sysselsette i primærnæringane. Få jobba i industrien.

Knarrevik
-Knarrevik var lenge eit heilt spesielt samfunn i Fjell, også politisk, hevdar Skurtveit.

I industrimiljøet i Knarrevik oppstod det fleire sterke fagforeiningar. Knarrevik Fellesliste fekk inn fire representantar i kommunestyret i 1922.

Konkursen same året førte til at mange flytta vekk. Dei mange arbeidslause som vart att kom til å utgjera ei stor politiske sak i Fjell til langt inn på 1930-talet.

– Det var ei dramatisk tid, med klare konfliktlinjer mellom kommunestyret som sleit med å betala ned gjelda frå jobbetida, mellom anna frå etableringa av kraftverket i Skålevik, og som ville spara, og arbeidarane i Knarrevik som til tider svalt, seier Skurtveit.

– I motsetnad til strilar flest hadde industriarbeidarane verken båt eller jord som kunne hjelpa dei gjennom naudsåra. Mange var i ein fortvila situasjon. Slik vart dei arbeidslause ei veldig belastning på fattigkassen og ein kommuneøkonomi som frå før var i krise.

Kvinner
Aldri så gale at det ikkje var godt for noko: Naudsarbeid finansiert av statlege midlar utløyste noko av den første vegutbygginga i kommunen. Vegar som hadde vore planlagt lenge, fekk dei no omsider midlar til å byggja.

Splittinga av Arbeidarpartiet, og danninga av Kommunistpartiet, førte til etablering av eit lokallag av Kommunistpartiet også i Fjell, i 1926.

– Kvinnene var sentrale i kommunistpartiet i Knarrevik, seier Skurtveit.
Industrimiljøet i Knarrevik var unntaket. I den tidlege politiske historia i Fjell er kvinnene så og seia fråverande. Først i 1968 vart dei første kvinnene valt inn på fast plass i Kommunestyret.

Les: Politiske føregangskvinner i Fjell

Religiøse spørsmål
Valdeltakinga i Fjell auka markant i åra kring 1918. Lenge var det dei lokale sakene som dominerte. Dei politisk engasjerte fann saman om ei felles sak. Den politiske tilhøyringa var underordna.

-Bygdelistene har eksistert side om side med dei politiske partia heilt fram til i dag, seier Skurtveit.

Tidleg på 1930-talet var det tid for ei ny omveltning. Dei kristne opplevde at religiøse spørsmål fekk lita merksemd, og at dei fekk for få representantar inn på Stortinget. Framfor Stortingsvalet i 1933 var frustrasjonen så stor over den manglande nominasjonen på listene, særleg i Venstre, at dei etablerte KrF.

Protestpartiet KrF
-KrF var eit protestparti. KrF vart det nye venstre, hevdar Skurtveit.
Det nydanna partiet gjorde eit brakval i Hordaland, med 17 prosent av røystene. I Fjell fekk dei tillit frå heile 33 prosent av veljarane. Frå Hordaland kom Nils Lavik inn på Stortinget.

-Politikken og retorikken til KrF slo godt an i Fjell. Kommunen hadde ei sterk bedehusrøyrsle som opplevde at dei ikkje var godt nok representert. Mange Venstre-folk gjekk over til KrF, seier Skurtveit.

I kommuneval var det imidlertid først etter 2. verdskrigen av KrF fekk gjennomslag.

-Krigen snudde opp-ned på kommunepolitikken, seier Skurtveit.

Hausten 1945 var det både kommune- og Stortingsval. Arbeiderpartiet gjorde det godt i kommunevalet, og Ole Bjorøy vart første ordføraren etter fredslutninga.

KrF gjorde det godt i Stortingsvalet. Venstre fekk ordføraren i Fjell i 1948, men i 1951 overtok Mons M. Kobbeltvedt og KrF. Så var det Arbeidarpartiet og Ingvald Ulveseth sin tur. Men Arbeidarpartiet fekk berre ein periode. Åra frå 1966 til 1981 vart dominert av KrF i ordførarstolen.

-Striden om samfunnshuset på Landro på slutten av 1950-talet var kanskje det sterkaste utslaget av motsetnadane mellom KrF og Arbeiderpartiet, seier Skurtveit.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.