Melder Skaganeset på i kampen for båtrute

Skaganeset bør inn på lista over mogelege anløpsstadar for ei båtrute til Sotra.

Ei snøggbåtrute til og frå Sotra vil kunna avhjelpa den vanskelege trafikksituasjonen, er Fellesnemnda samd med politikarane i Fjell om.

Fellesnemnda for nye Øygarden deler ikkje Skyss si oppfatning om at ei båtrute til Sotra ikkje vil bidra til å letta trafikksituasjonen.

Les: Får uttala seg om negativ snøggbåt-rapport

Ei snøggbåtrute vil kunna avhjelpa den vanskelege trafikksituasjonen til og frå Sotra, er Fellesnemnda samd med politikarane i Fjell om.

Les: Vil ha utgreidd båtrute til Straume sjøfront

Skaganeset
Trafikkproblema oppstår på vestsida av Kolltveittunnelen. Vi må difor unngå å senda fleire bilar til Straume, argumenterte varaordførar Nils Kåre Skoge (H) i Sund.

-For å betra trafikksituasjonen ved rundkøyringa på Kolltveit ynskjer kommunen at det vert arbeida med eit båtalternativ i sør. Sidan det er vanskeleg å leggja til rette for parkering på Klokkarvik, ønskjer kommunen at det vert arbeidd vidare med eit alternativ på Skaganeset, på kort og lang sikt, fekk Skoge tilslutning frå resten av Fellesnemnda på.

– Dette er ei høyringsutsegn. Vi treng ikkje setja Skaganeset opp mot den andre forslaga, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell.

Skaganeset kjem dermed inn som ein ny, alternativ anløpsstad, saman med Ågotnes, Brattholmen, Straume og Klokkarvik i tilbakemeldinga til Skyss og Hordaland fylkeskommune om behovet for ei snøggbåtrute som kan avlasta den vanskelege trafikksituasjonen til og frå Sotra.

Les: Nei, nei, nei… tja for snøgbåt til Sotra

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.