Tide overtek busskøyringa

Tide overtek busskøyringa til Sotra, Øygarden og Askøy frå 25. juni.

Reisande til nordre Fjell og Øygarden kan gleda seg over at ekspressbussen til Ågotnes no får eiga linje (460 E). Arkivbilete.

Bytet av tenesteleverandør inneber ei full utskrifting av bussparken, ifølgje ei pressemelding frå Skyss.

Alle dei 146 bussane som skal køyra i området, er heilt nye. Bussane går på biodiesel og oppfyller EU sitt strengaste miljøkrav, Euro VI. Dei nye bussane har svært låge utslepp av NOx og partiklar, og slepp ut mindre mengder nitrogenoksid (NOx) enn det personbilar gjer.

Lada mobilen på bussen
Alle bussane er såkalla lågentré (lågt inngangsparti) og blir utstyrte med setebelte. Bussane får også USB-kontakt ved seta, der passasjerar til dømes kan lade mobiltelefon. Bussanlegga blir på Straume, Skogsskiftet og Haugland (Askøy), som i dag.

Rutetilbodet
Samstundes vert det eindel endringar i rutetilbodet. På Askøy skal det heretter gå buss til Stongafjellet. Linje 493 blir forlenga og skal køyre mellom Stongafjellet, Kleppestø og Krokåsfeltet. Bussavgangane er tilpassa buss- og båttidene på Kleppestø. Dei nye haldeplassane på Stongafjellet blir Stongafjellsvegen, Stongafjellsbakken og Stongafjellet snuplass. På søndagar vert det fleire bussavgangar mellom Bergen og Kleppestø.

På Sotra skal ekspressbussane frå Bergen til Ågotnes og Skogsskiftet få eigne linjenummer. Linje 450 E (Skogsskiftet) og 460 E (Ågotnes) skal ikkje stoppa mellom Bildøy og Bergen busstasjon. Linjene erstattar avgangar på linje 450 og 460 som i dag ikkje køyrer om Straume terminal.

Samstundes vert det eindel endringar i rutetidene, åtvarar Skyss.

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.