24,9 millionar til idretten

Tippemidlar for 2019 er fordelte. Sjå oversikten over dei lokale tildelingane her.

Sotra Sportsklubb og Tommy Knarvik kan gleda seg over 4 millionar kroner til fotballhallen. Arkivbilete.

Overskotet frå Norsk Tipping vert fordelt på idrettsanlegg og tiltak til friluftsliv landet over. Årets tildeling til Hordaland vert på rekordstore 146 millionar kroner, kjem det fram av ei pressemelding frå Hordland fylkeskommune.

Utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordland har no fordelt midlane for 2019.

16 av dei 117 tiltaka som får pengar dette året er lokaliserte i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden. Dei lokale tiltaka får til saman 24,9 millionar kroner.

Best ut i vest kjem Øygarden kommune. Fleirbrukshallen ved Hjeltefjorden Arena får 10,8 millionar i støtte. I tillegg kjem 300.000 til opparbeiding av ein tursti rundt hallen.

Idretten i Fjell og Askøy kjem om lag likt ut. Begge kommunane mottek kring 5,5 millionar kroner til ulike idretts- og nærmiljøtiltak. I Sund får dei 2,77 millionar kroner.

Det er ikkje berre dei store idrettsanlegga som får pengar. Heile ti av tildelingane dette året går til nærmiljøanlegg.

Tippemidlane er ei kjærkomen støtte til lokale idrettslag. Ikkje alle søknadane kan innfriast same året. Fylkesutvalet godkjende i går søknadar for til saman 640 millionar kroner for 2019.

Desse anlegga i Askøy, Fjell, Sund og Øygarden får pengar dette året:

Askøy – idrettsanlegg
Nordsiden IL Træet idrettsbane, idrettshus           3 000 000
Askøy fotballklubb Bergheim idrettsanlegg, bane 1           1 605 000
          4 605 000
Askøy – nærmiljøanlegg
Stongefjellsbakken velforeining Stongafjellsbakken fleirbruksområde              300 000
Askøy orienteringslag Kleppestø nærmiljøkart                99 000
Alfredsenfeltet velforening Alfredsenfeltet aktivitetsplass                66 000
Kolbeinsvarden Kolbeinsvarden, merking av turstiar              300 000
             765 000           5 370 000
Fjell – idrettsanlegg
Sotra Sportsklubb Straume idrettspark, fotballhall           4 000 000
Fjell kommune Ågotnes idrettsanlegg, kunstgras rehabillitering              640 000
          4 640 000
Fjell – nærmiljøanlegg
Bjorøy Idrettslag Bjorøy Idrettsplass, ballbinge              300 000
Sotra Sportsklubb Straume Idrettspark, trimpark/ aktivitetspark              300 000
Sotra Sportsklubb Straume Idrettspark, lys til trimpark/aktivitetspark              115 000
Sotra Sportsklubb Straume Idrettspark, 5ar bane nr. 1              300 000
          1 015 000           5 655 000
Sund – idrettsanlegg
Skogsvåg Idrettslag Skogsvåg stadion, nytt klubbhus           1 500 000
Sund kommune Spildepollen, tursti           1 275 000
          2 775 000           2 775 000
Øygarden – idrettsanlegg
Øygarden kommune Hjeltefjorden Arena, fleirbrukshall m/ sosialt rom og styrkerom         10 800 000
Øygarden – nærmiljøanlegg
Øygarden kommune Hjeltefjorden arena, aktivitetsløype              300 000         11 100 000
             300 000         24 900 000
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.