Ferde-tilsette festa for bompengar

Samferdselsminister Jon Georg Dale reagerer på pengebruken i bompengeverksemda Ferde AS.

Jon Georg Dale (Frp), Samferdselsminister

NRK.no har gått gjennom rekneskapane til dei norske bompengeselskapa. Bilistane sine pengar går til mykje meir enn nedbetaling av vegar. No reagerer samferdsleminister Jon Georg Dale.

Ferde AS driv inn bompengar frå dei mange bomprosjekta på Sør- og Vestlandet. Dei har mellom anna planar om å driva inn ein milliard kroner frå bilistane i Bergens-området.

Intensjonen bak å samla mange mindre bompengeselskap i ei felles verksemd var å minska utgiftene til administrasjon.

Les: Planlegg å henta ein milliard frå bilistane i Bergens-området

Rekninga for Ferde AS sitt julebord i desember 2017 er ein av dei utgiftspostane samferdselsministeren reagerer på, ifølgje NRK.no

Les: Bompengeselskapenes pengebruk: Millionlønninger, sprit og…

2. desember 2018 avvikla Ferde julebordet sitt på Panorama Hotel og Resort i Sund. Bompengeselskapet tok rekninga på 43.360 kroner, ifølgje NRK.no.

22 fatøl, 13 gin tonic og 12 Baileys utgjorde største utgiftspostane på barrekninga på julebordet.

Dei 38 tilsette drakk til saman 186 einingar med alkohol, eller fem einingar per hovud. Ei vanleg flaske med vin inneheld til samanlikning seks einingar med alkohol.

– At man drakk i snitt fem enheter hver … det har ikke skjedd siden og burde ikke skjedd da heller, seier administerande direktør Trond Juvik til NRK.

-Dei som betalar bompengane er sikkert ikkje så veldig glade for det, og dei har all grunn til å seia at det ikkje er bra. Eg beklager. Det burde ikkje skjedd. Eg har inga annen unnskulding enn at vi ikke var medvitne på det. Vi har lært, seier Juvik.

Tenar betre enn ministeren
Med ei årsløn på 1,634 millionar kroner i 2018 er Ferdesjefen den bompengedirektøren i landet som tenar best, ifølgje NRK.no.

Årsløna utgjorde 299.000 meir enn det samferdsleminister Jon Georg Dale tente, ifølgje NRK.no.

Fylkeskommunalt
Ferde AS vert eigd av dei fire fylkeskommunane Hordaland, Sogn og Fjordan, Rogaland og Agder.

Styreleiar er Paul M. Nilsen, tidlegare fylkesrådmann i Hordaland.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.