Stengjer vegen i fellesferien

Fylkesveg 563 vert stengt for biltrafikk i Mølledalen mellom Erdal og Olaviken frå 8. – 28. juli.

Foto: Statens vegvesen / Geir Brekke.

Statens vegvesen og Askøy kommune slår saman anleggsarbeida med vegutbetringa i Mølledalen og legging av nytt vass- og avløpsnett i området, kjem det fram av ei melding frå Statens vegvesen.

Utbetringa av fv. 563 inngår i delprosjekt Strømsnes – Hop i Askøypakken.

Arbeidet har pågått eitt års tid. Akkurat denne delen av arbeidet er så omfattande at Statens vegvesen vel å stengja vegen gjennom Mølledalen for biltrafikk i fellesferien. Ei tid der det er minst trafikk og ingen skuleskyss.

Gåande og syklande kan passera via ein delvis privat veg i området. Naudetatane vil og kunna passera, melder Statens vegvesen.

Kring 4.000 bilar ferdast dagleg langs vegen. Dei som har behov for å passera det stengte partiet vert henviste til omvegen på vestsiden av Askøy. Det vil si fv. 562 via Ravnanger og Juvik. Trafikk til Erdal og Florvåg kan gjerne benytte fylkesvegen over Stenrusten i denne perioden, melder Statens vegvesen.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.