«Alle» vil ha snøggbåt til Sotra

– Vi veit byggjeperioden for nye Sotrasambandet vil verta veldig krevjande. Då kan ei båtrute avhjelpa trafikksituasjonen.

Byggjeperioden til nye Sotrasambandet vert krevjande for trafikkantane, hevda ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Kommunestyret i Fjell tek ikke eit nei frå Skyss for eit nei. Då dei i dag drøfta høyringsuttalen til den negative rapporten om båtrute mellom Sotra og Bergen, var alle samde om å føya til enno to alternative anløpsstadar på lista; Søre Straume og nordre Bildøy.

Les:  Melde Skaganeset til på i kampen for båtrute

Les: Nei, nei, nei… tja til snøggbåt til Sotra

Raudkledd
To raudkledde kvinner, i kvar sin ende av den politiske skalaen, dominerte debatten i kommunestyret.

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) var oppteken av å få så mange alternative anløpsstadar som mogeleg med på tilbakemeldinga til Skyss og Hordaland fylkeskommune.

-Vi veit byggjeperioden til nye Sotrasambandet vil verta veldig krevjande. Då kan ei båtrute bidra til å avhjelpa situasjonen. Hordaland fylkeskommune har også ansvaret for kollektivtransporten, minna ho om.

Les: Her kan det verta lenge å venta

Realisme
Anita Garlid Johannessen (FrP) var oppteken av at planane måtte vera realistisk. Ho var skeptisk til at folk ville gå eller sykla til Brattholmen for å ta båten. Matebussar er heller ikkje realistisk. Dei tek for lang tid, slik ho ser det.

Jan Utkilen (SotraLista) var og oppteken av realismen. Han var skeptisk til at ein snøggbåtførar ville ta risikoen på å leggja til kai ved Straume Sjøfront, slik Straumsundet har blitt. Søre Straume, derimot, peikar seg ut som eit godt alternativ, hevda gruppeleiaren for SotraLista.

Transport tek tid. Utkilen er gammal nok til å ha teke dampbåten frå Brattholmen til by’dn for å gå på skule. Først ein halv times bussreis til Brattholmen, og så ein times båtreis.

-Det gjekk det og, hevda den tidlegare ordføraren.

Odd Bjarne Skogestad (KrF) syntes forslaga høyrtes spanande ut. Han delte likevel Johannessen sin skepsis mot Brattholmen, men det kan jo skje ting…

Kort siglingstid
Johannessen sin partikollega Daniel Victor Sandvik synes forslaget om båtruter høyrtes interessant ut. Sjølv dreiv han i ein 10-årsperiode og køyrte eigen båt til og frå Flesland frå heimen på Bjorøy.

-Det viktigaste er at siglingstida vert så kort som mogeleg, hevda Sandvik.

Kai under Sotrabrua, på Ågotnes og Skaganeset er dei tre alternativa Fjell bør spela inn ovanfor Skyss, framheva FrP-representanten som elles gjerne skulle ha sett CO2-rekneskapen for snøggbåtar.

-Snøggbåtane må vera det minst miljøvenlege som finst. Kanhende dette vert ein renessanse for batteriteknologien, hevda Sandvik.

Langsiktig
Her gjaldt det å tenkja langt fram, framheva varaordførar Tom Georg Indrevik.

-Berre to av oss i denne salen er unge nok til å oppleva at snøggbåtruta vert verkeleggjort, frykta Indrevik.

I eit langsiktig perspektiv vert det viktig å få med nordre Bildøy også, framhva Henning Ekerhovd.

Ikkje mot høyringsuttale
-FrP stemmer ikkje mot ein høyringsuttale, understreka Johannessen etter å fått pepar frå Egil Håland (A) for å signalisera at partiet ville stemma for uttalen, sjølv om ho høyrtes ut til å vera mot.

 

 

 

 

 

 

Advertisements

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.