Kjenner seg overstyrt av byvekstavtalen

Resignasjon og sinne var det som mest av alt prega debatten då formannskapet i Fjell drøfta utkastet til utvida byvekstavtale for Bergensområdet. Byvekstavtalen er avtalen ingen vil ha, eigentleg.

Ordførar Kari-Anne Landro i Sund og Børge Haugetun i Øygarden sat på tilhøyrarplass då formannskapet i Fjell diskuterte utkastet til Byvekstavtale for Bergensområdet.

Politikarane i det utvida formannskapet i Fjell tok ikkje stilling til framlegget til byvekstavtale i går. Den avgjerda utset dei til etter kommunevalet. Då vert det det nye kommunestyret som må ta den problematiske avgjerda.

Innan den tid vil det og venteleg føreliggja ein omforeina avtale som alle partane kan vera samde om.

Utsett
Avtaleutkastet omfattar berre noverande Fjell kommune. Sund og Øygarden vert ikkje omfatta av kravet om nullvekst i personbiltrafikken, sjølv om ordførar Kari-Anne Landro i Sund og Børge Haugetun i Øygarden sat på tilhøyrarbenken.

At avtalen ikkje kom opp i kommunestyret i Fjell til endeleg vedtak før ferien, skuldast Terje Søviknes og Os som kravde at behandlinga av avtalen måtte utsetjast til etter kommunevalet, ifølgje ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Les: Vert ingen byvekstavtale no

Resignasjon og sinne
Resignasjon, og sinne, var det som mest av alt prega diskusjonen i formannskapet. Skepsisen var til å ta og føla på. Avtalen er eit signal om at den internasjonale klimapolitikken er i ferd med å slå inn over Fjell med full tyngde, verka det vera semje om.

– Dette er ein skummel avtale som berre Straumeområdet vil ha nytte av. Resten av kommunen vert ei bakevje, hevda Svein Bergh (SL).

Bygdelista sin mann i formannskapet var tydeleg på at han er mot den føreliggjande avtalen.

– Det var rett å få denne debatten før valet, slik at veljarane kan få vita kva som ligg i avtalen, hevda Bergh.

Kva betyr 2-gradersmålet?
Kor mykje vil bilkøyring på Store Sotra påverka 2-gradersmålet, ville Bergh gjerne ha svar på. Spørsmålet vekte reaksjonar:

– Skal vi oversjå måla i Paris-avtalen, ville Henning Ekerhovd (A) vita.

-Dei får leva sitt eige liv. Vi sørgjer for det som skjer her, svara Bergh.

Egil Håland (A) var rysta over Bergh sitt forsøk på å oversjå 2-gradersmålet.

-Det går ikkje an å seia at vi skal gjera som vi sjølv vil. Sjølv SotraLista må ta inn over seg at det finst ein del overordna føringar, innvende Håland.

Harde forhandlingar
Ingen av representantane, heller ikkje ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) som har vore med å framforhandla avtalen, ville medgje at dei er nøgde med det føreliggjande avtaleutkastet.

-Eg har ikkje sagt at eg er begeistra for avtalen, slik einskilde hevdar. Eg er kritisk. Avtalen er prega av press om ei sterk grad av sentralisering. Vi kan seia at vi ikkje vil vera med, men då set vi oss sjølv heilt på sidelinja, sa Sandahl Bjorøy.

Lite pengar
At byvekstavtalen inneber minimalt med friske pengar til nabokommunane til Begen, samstundes som han vil leggja sterke føringar på den framtidige arealbruken i kommunane har vore hovudinnvendingane mot avtalen.

Les: -Byvekstavtalen vil få konsekvensar for arealpolitikken

Totalt vil Fjell kunna få kring 40 millionar i året, eller 304 millionar kroner fordelt over perioden 2019 – 2029, i sokalla beløningsmidlar om vi underteiknar avtalen. Pengane skal øyremerkjast gang- og sykkelvegar og kollektivtiltak. Kommunestyret må vedta ein handlingsplan for korleis pengane skal nyttast, og Stortinget skal godkjenna handlingsplanen.

At noko av pengane skal kunna brukast til innfartsparkering er noko omeignkommunane til Bergen hadde jobba hardt for å få dei statlege forhandlarane til å forstå. I det føreliggjande avtaleutkastet vert innfartsparkering vurdert som eit tiltak ein kan bruka pengar på, men det er ein pengebruk som det sat langt inne hos dei åtte statlege byråkratane på andre sida av bordet å akseptera, ifølgje Sandahl Bjorøy.

Angrep på sjølvråderetten
-Eg hadde ikkje lyst til å gå hit i dag. Eg opplever at eg står i fare for å gå inn i ein alvorleg depresjon som følgje av denne avtalen, hevda Daniel Victor Sandvik (FrP).

– Dette er ei innstramming av den kommunale sjølvråderetten, hevda den erfarne planpolitikaren som har vore med på å utarbeida fire arealplanar. No spår han at kommuneplanarbeidet i framtida vil verta ei oppgåve for byråkratar. Lokalpolitikarane skal berre pynta litt på plankartet.

-Kommuneplanarbeidet vil verta radikalt endra. Dette vil stilla store krav til byråkratiet og vil ikkje vera noko politikarar flest kan jobba med, samstemte rådmann Steinar Nesse.

-Vi må berre ta inn over oss dei endringane FN sine 17 bærekraftmål vil innebera i kommuneplanarbeidet, sjølv om vi enno ikkje heilt veit kva det vil innebera, medgjekk varaordførar og tidlegare leiar for Komite for plan og utvikling, Tom Georg Indrevik (H).

Overvaka fylkeskommunen
-Fylkesmannen i Hordaland agerer alt som om kommuneplanen for 2015 ikkje finst. Særleg gjeld det ein del sentrale område på vestsida, hevda Ekerhovd som har vore leiar for Komite for plan og utvikling denne perioden.

-Det nye kommunestyret må verta meir merksame på kva som skjer i fylkeskommunen og i Staten, råda Nesse.

– Vi har vår eigen latskap å takka. Vi burde ha følgt betre med på arbeidet med overordna planar. Seinast i 2017 då Hordaland fylkeskommune vedtok transport og arealplanen, medgjekk Indrevik.

No angrar varaordføraren på at Fjell ikkje nedla innsigelse mot transport- og arealplanen den gongen. I staden slo han seg til ro med påstanden om at planen ikkje var juridisk bindande. No kjem planen tilbake som eit pålegg, sukka Indrevik.

Les: Varslar opprør mot fylkeskommunen

– Vi må bruka mykje meir ressursar i framtida på å overvaka det som skjer på regionalt nivå, konstaterer Indrevik.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.