No står elektrifiseringa av snøggbåtane for tur

Før Skyss rekk å lysa ut tilbodet på eit snøggbåtsamband til Sotra, vil det vera innført krav om nye båtar med låg- og nullutsleppsteknologi.

Lanserte handlingsplan for grøn skipsfart: Statssekretær Atle Hamar (V) og stortingsrepresentant Liv Karin Eskeland (H).

Politikarane i Fjell heiar fram eit snøggbåtsamband til Bergen. Frykt for ei ytterlegare forverring av dei trafikkale tilhøva i byggjeperioden av det nye Sotrasambandet nører opp under kravet.

Les: «Alle» vil ha snøggbåt til Sotra

Handlingsplan
Snøggbåtar i rutetrafikk langs norskekysten er ein av verstingane når det gjeld utslepp av klimagassar per passasjerkilometer. Det skal det snart verta ein slutt på, ifølgje statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet.

Innføring av krav om lav- og nullutsleppsteknologi i norske hurtiggåande passasjerbåtar er eit av satsingsområda i Regjeringa sin Handlingsplan for grønare skipsfart. Saman med stortingsrepresentant Liv Karin Eskeland (H) presenterte Hamar hovudtrekka i planen om bord på Statsraad Lehmkul i går.

Halvera utsleppa
Snøggbåtsatsinga er ein del av Regjeringa sin ambisjon om å halvera utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. Fornyinga av snøggbåtflåten startar alt til hausten, med utlysinga av nye konsesjonsrundar på passasjerbåtsambanda i Sogn og Fjordane, ifølgje Hamar.

Flåtefornying
Dei nye krava til reduksjon i utsleppa frå skipsfarten er utarbeida av FN sin sjøfartsorganisasjonen IMO, og legg opp til ei halvering innan 2050, samanlikna med nivået i 2008. Handlingsplanen legg opp til ein omfattande fornying av heile den norskregistrerte flåten, også fiske- og fritidsbåtar.

Utvikling av ny teknologi inneber at dei nye låg- og nullutsleppsfartøya vil verta vesentleg meir kostbare i innkjøp enn dagens fartøy. Dette er kostnadar reiarane langt på veg vil spara inn att gjennom driftsperioden, hevdar statssekretæren.

Økonomiske incitament
Ein handlingsplan er ein oversikt over tiltak. I Revidert nasjonalbudsjett for 2019 er det berre sett av 25 millionar kroner til å stimulera innføringa av låg- og nullutsleppsteknologi for hurtiggåande passasjerbåtar. Ein sum som vil monna lite i denne samanhangen, medgjev Hamar.

– Vent til Statsbudsjettet i oktober. Eg kan ikkje seia noko om løyvingar no, men det vert lagt til eit løp, seier Hamar.

Regjeringa reknar no på modellar for korleis dei kan gje økonomiske incitament til den omfattande flåtefornyinga.

Enova, Innovasjon Norge, GIEK og CO2-fondet kan vera aktuelle verkemiddel.

Ferjesuksess
Satsinga på elektrifisering av den norske ferjeflåten har vore ein suksess og er modell for den vidare satsinga på grøn skipsfart, hevdar Hamar.

Sidan elferja Ampere vart sett i drift i 2015 er det utarbeida planar for utskifting av tredelen av den norske ferjeflåten. 70 elektriske ferjer er sett i drift, under produksjon eller i bestilling som følgje av nye krav til utslepp i tilbodsrundane på offentlege ferjesamband.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.