Gjer det einklare for eldre å køyra bil – lenger

Leva heile livet var tema då eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug vitja Sundheimen.

101-årige Dagny Skodvin broderer framleis utan briller. Eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug beundrar den fine handsaumen.

«Eldre» er inga eintydig gruppe. At helse og behov varierer, fekk eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug sjå ved sjølvsyn då ho vitja bebuarane i 2. etasjen på Sundheimen i dag.

ALS-ramma Åge Sangolt ville gjerne snakka med eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug om alternativ behandling og forsking på sjukdomen.

Så legg då også Regjeringa si kvalitetsreform for eldreomsorga, «Leve hele livet» opp til å adressera kvar einskild sine individuelle behov. Tanken er at dei skal kunne klarar seg i eigen heim så lenge som råd, men at hjepeapparatet skal stå klart den dagen dei ikkje lenger klarar det.

Les: Gjestekommentar: Leve hele livet

Førarkort
I ein grisgrendt kommune som Sund er bilkøyring eit viktig element for å klara seg sjølv i eigen heim. Med førarkort og bil kan dei dra på butikken, og vera sosiale.

-Regjeringa har gjort systemet meir brukarvenleg for dei eldre, slik at det skal verta einklare for dei å behalda førarkortet, lengre, seier Listhaug til nettavisa Tunnelsyn.no.

-Grensa for å måtta ha lækjarerklæring for fornying av førarkortet vert heva frå 75 til 80 år. Fornyinga skal heretter gjelda for tre år, ikkje for to, som i dag, seier Listhaug.

Slett ikkje alle eldre bør køyra bil. Ved fornying av førarkortet har dei eldre difor måtta gjennom kognitive testar, noko som har vore ein barriere for mange.

-Heretter skal dei kognitive testane berre nyttast i tilfelle der lækjaren har sterk mistanke om kognitiv svikt, seier eldre- og folkehelseministeren.

Bilen derimot, må dei eldre halda sjølv, også om beina sviktar.

Nye omsorgsbustadar
– Sund har for få omsorgsbustadar, noko som har skapt eit veldig press på sjukeheimen, medgjev einingsleiar Janne Thode til nettavisa Tunnelsyn.no. No ser dei fram til at dei utpå hausten kan ta i bruk dei 20 omsorgsbustadane vegg-i-vegg med sjukeheimen.

Kjøken med varmmatproduksjon på norske sjukeheimar står høgt på prioriteringslista til eldre- og folkehelseminister Sylvi Listhaug. Ved Sundheimen har dei hatt tilbodet sidan 2004. Kjøkensjef Tove Sissel Tveit orienterer.

Plasseringa er ideell med tanke på sambruk, til dømes om tilbod om heildøgns omsorg, og matlaging. Dagleg lagar kjøkenet på Sundheimen mat til dei 44 bebuarane. I tillegg får 30 – 40 heimebuande tilkøyrt varm mat herifrå fem gongar i veka, fortel Thode.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.