Kjempar for å attreisa tilliten

Ordførar Terje Mathiassen (A) i Askøy handhelsa på alle dei frammøtte under kveldens folkemøte om dei mange sjukdomsutbrota som følgje av drikkevassforureininga.

Handhelsa: Ordførar Terje Mathiassen (A) handhelsa på alle dei kring 200 som hadde funne vegen til folkemøtet på Kleppestø ungdomsskule i kveld. I morgon er det eit tilsvarande møte på Follese.

Askøy kommune kjempar for å attreisa tilliten til kommunen og til det drikkevatnet han leverer. I håp om å svara på flest mogeleg av dei mange spørsmåla innbyggjarane brenn inne med inviterer dei til folkemøte i dag og i morgon.

Ba om årsaking
Kring 2.000 har blitt sjuke som følgje av bakteriar i høgdebassenget tilknytt Øvre Kleppe vassverk. 76 har vore innlagt på sjukehus. To personar er døde, slik innleia ordførar Terje Mathiassen den nøkterne oppsummeringa av vasskatastrofen som råka kommunen med full tyngde 6. juni.

-Eg beklagar sterkt at Askøy kommune ikkje har klart å å levera reint vatn til innbyggjarane i kommunen. Eg har eit sterkt ønskje om å be om orsaking. Dette må aldri skje igjen, understreka Mathiassen.

Ingen nye tilfelle
No er dei fleste friske att. Ingen nye tilfelle har dukka opp siste dagane utover dei som vart smitta før 6. juni.

-Det viser at tiltaka Askøy kommune har sett i verk er effektive, hevdar varaordførar Bård Espelid (AL).

Ukjent smittekjelde
Analyser av avføringa som vart funne på toppen av høgdebassenget avkreftar at det er hund eller hjort som er smittekjelda. Det er heller ikkje menneske, ifølgje Espelid. Han spekulerer no på korvidt ein fugl kan vera årsaka.

I samarbeid med Folkehelseinstituttet har Askøy kommune sett i gong ei årsaksetterforsking for å finna smittekjelda.

-Kanhende vil vi aldri få vita kva som er årsaka til ureininga. Det vi vil få vita er korleis ureininga kom inn i høgdebassenget på Øvre Kleppe, seier varaordførar Bård Espelid.

Høgdebassenget er no tømt for vatn. No skal det inspiserast innvendig ved hjelp av laser for å finna eventuelle gjennomgåande sprekkjer som ureina vatn kan ha trengt inn gjennom.

Campylobacter
Det er bakterien Campylobacter som er årsaka til dei mange sjukdomsutbrota. Hittil i juni har dei påvist bakterien i 184 prøvar frå Askøy. Skyhøgt over dei 20 – 30 tilfella dei vanlegvis får inn i løpet av eitt år, ifølgje smittvernoverlækjar Arild Iversen.

Bakterien smittar lett med vatnet. 100 bakteriar kan vera nok til å gjera ein person sjuk. Kor store konsentrasjonar som må til for at 2.000 personar skal verta sjuke, kan smittevernoverlækjaren ikkje svara på.

Professor Guri Rørtveit har forska på Giardia-sjuke i 15 år. No vil ho samanlikna kunnskapen med dei som har blitt smitta av Campylobacter.

Skal verta forska på
16.000 innbyggjarar i Askøy fekk sist veke ein SMS med tilbod om å delta i ei spørjeundersøking. Professor Guri Rørtveit ved UiB ønskjer å få svar på kva som karakteriserer dei som vart sjuke.

-Alle bør svara, også dei som ikkje vart sjuke, oppfordrar Rørtveit. Dei som har vore sjuke vil få tilbod å oppfølgjing etter 3, 6 og 12 månadar.

-Samfunnet treng meir kunnskap om Campylobacter-smitte. At vi kan koma igang tidleg er ein fordel for verdssamfunnet, seier professoren som har forska på offera for Giardia-epidemien i 15 år.

Knut Amundsen bur på Vinkelfjellet i Krokåsfeltet og er ein av dei 2000 som har vore plaga med magesjau siste vekene. Han tvilar på at han får vatn frå høgdebassenget på Øvre Kleppe. Bassenget på Nipefjellet er mykje nærare. Har kommunen undersøkt mogelege smittekjelder der, spør han.

Mange spørsmål
Kveldens folkemøte var lagt opp med «helse» som tema. Kommunen hadde ikkje henta inn ekspertar som kunne svara på tekniske spørsmål, td. om kvar grensene går for dei områda som får vatnet sitt frå høgde bassenget på Øvre Kleppe.

At innbyggjarane i Askøy framleis slit med mange ubesvarte spørsmål, vart tydeleg under folkemøtet.

-Dei største folkehelseproblema i Askøy nett no er sviktande tillit til styremaktene og ungar som er redde for å drikka vatn, hevda samfunnspsykologen Ingrid Orre.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.