Næringstransporten skal verta grønare

Har di verksemd planar om å kjøpa batteridriven vare- eller lastebil? Med ei årleg løyving på 500 millionar håpar Enova å kunna setja fart i innføringa av utsleppsfrie transportløysingar i næringslivet.

Nullutsleppskøyretøy i transportsektoren. Illustrasjon: Enova.

Transportsektoren er ei stor kjelde til utslepp av CO2, NOx og partiklar. Dei siste åra har Enova brukt nærare ein milliard kroner til utvikling av teknologi og infrastruktur som kan gjera næringstransporten grønare.

Enova
Nullutsleppsfondet for næringstransporten forvaltar til saman nærare ein milliard kroner i 2019 og 2020 og vert finansiert over statsbudsjettet, men forvalta av Enova.

-Fondet skal setja fart i marknaden for utprøvd nullutsleppsteknologi som kan leverast i større volum, skriv Enova i ei pressemelding.

– Vi er avhengig av at næringslivet er villig til å ta steget og sjå nytten av ei omstilling, enten som eit konkurransefortrinn eller for å vera i forkant av komande reguleringar.

-Dei som etterspør tenestene har og ei viktig rolle å spela, gjennom å stilla krav.

Les: Gjestekommentar: Transportbestilleren må ta sin del av kampen mot useriøs transport

Elektriske varebilar
Ei ny støtteordning for innkjøp av batterielektriske varebilar vert den første konkrete satsinga i regi av nullutsleppsfondet.

Her legg Enova opp til standardiserte støttesatsar basert på bilen si motoryting.
– Vi legg opp til ei veldig einkel og ubyråkratisk løysing. Verksemdene kan i prinsippet søkja om å få innvilga støtte medan dei er hos bilforhandlarane, seier administrerande direktør Nils Kristian Nakstad i Enova.

Langsiktig mål
Det langsiktige målet er at verksemdene i transportsektoren vel utsleppsfrie køyretøy og fartøy og når dei ikkje får økonomisk støtte.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.