Tide er «heime» att på Sotra

-Tide konkurrerte på miljø og på pris, seier direktør Målfrid Vik Sønstabø i Skyss. Her saman med konserndirektør Roger Harkestad i Tide framfor nokre av dei 55 nye Volvo-bussane.

Med 146 nye bussar og ei investering på 350 millionar kroner markerer Tide AS at dei er tilbake i området der verksemda ein gong starta.

Båtruter i Sotra, Øygarden og Askøy utgjorde dei første kimane til det som i dag, mange fusjonar seinare, utgjer busselskapet Tide AS. Verksemda overtok i dag kontrakten på busskøyringa på Sotra og Bergen vest frå Nettbuss AS. Kontrakten skal vara i ni år, med utsikt til forlenging på ytterlegare to år, ifølgje konserndirektør Roger Harkestad.

Les: Tide overtek busskøyringa

300.000 personar på Sotra, Øygarden, Askøy og Bergen vest er avhengig av at sjåførane gjer jobben sin og at bussmateriellet fungerer.

Til saman 146 nye bussar, til ein samla verdi av 350 millionar kroner, er kjøpt inn for å etterleva dei strenge miljøkrava til Skyss, ifølgje konserndirektøren.

Biodiesel
-Tide konkurrerte på miljø og på pris, seier direktør Målfrid Vik Sønstabø i Skyss som har vurdert tilboda og tildelt kontrakten.

Gode bussar: I dei nye bussane sit sjåfør Lars-Erik Lotsberg godt. Bremsar mjukt gjer dei og. Mest nøgd er han likevel over at verksemdoverdraginga inneber at han får behalda jobben, med same løn og pensjonsvilkår som tidlegare.

-Bussane går på biodiesel og er dei mest miljøvenlege du kan få med dagens diesel-teknologi. Tilpassinga til Euro VI-standarden inneber at utsleppa av CO2 vert redusert med 60 prosent. Det er og ein betydleg reduksjon i utslappa av Nox og partiklar, seier Harkestad.

Beheld jobb og løn
Kontrakten med Skyss inneber ei verksemdoverdraging. Det vil seia at Tide tek over ansvaret for dei 300 tilsette sjåførane i Nettbuss som inntil i dag har frakta strilar i alle aldrar trygt og sikkert dit dei skal. Løn til sjåførane har dermed ikkje utgjort ein del av konkurransegrunnlaget. Sjåførane er sikra jobb, med same løn og pensjonsvilkår som tidlegare, forsikrar konserndirektøren.

Dei tilsette på verkstaden vert samstundes skilt ut i eit eige selskap som skal stå for vedlikehaldet. Truck Nor Tide AS vert eigd 50-50 av Tide og Volvoforhandlaren i Bergen, Truck Nor AS.

Volvo
Dei første 55 bussane var klare til å setjast inn i rute i dag morgon. Konserndirektøren sjølv var på plass på gararasjeanlegget på Haugland på Askøy grytidleg i dag for å sjå dei første bussane rulla inn. Dei øvrige skal levarast 1. august, klare til å trafikkera dei mange skulerutene i området.

122 av bussane skal leverast av Volvo. 20 av Iveco. Oppdeling av kontrakten har ingenting med krav til materiellet å gjera, men skuldast at svært mange busskontrakta i Europa skal fornyast i år, og at Volvo ikkje klarte å levera nok bussar i tide, ifølgje Harkestad.

Tre milliardar
Tide Buss AS er største verksemda i Tide-konsernet. Samla omsetning i 2017 var på 2,8 milliardar kroner.

Les: Då fjorden var Riksveg 1

Det tidlegare børsnoterte Tide ASA er no heileigd dotterselskap av Det Stavangerske Dampskibsselskap AS.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.