Lokalpolitikken frå 1960 til i dag: Byggjeboom og kvinnemakt

KrF har mista grepet om politikken i Fjell, sjølv om kommunen framleis har kristenkonservative understraumar.

Lokalaviser, som SotraNytt, er ei viktig kjelde for historikar Gaute Losnegård i arbeidet med siste bandet av Fjell bygdesoge. Den lokale mediehistorien fortenar dessutan omtale i soga om den nære historien til fjellsokningane.

Firdoblinga av folketalet i Fjell frå kommunereforma i 1964 og fram til i dag er eineståande i norsk samanhang. Folkeveksten har bidrege til ei radikal omlegging i politikken, seier historikaren Gaute Losnegård. Saman med Halvor Skurtveit skriv han på siste bandet av Fjell Bygdesoge som skal omhandla den nære fortida, frå 1910 til kommunesamanslåinga i 2020.

Vekslinga i den politiske styringa i kommunen vil utgjera eit nøkkelkapittel i boka som etter planen skal verta ferdig neste år.

Les: Den tidlege lokalpolitikken: Då KrF vart det nye Venstre

Perioden frå 1960 og fram til i dag er den Losnegård skal konsentrera seg om. Til grunn for arbeidet nyttar han offentlege arkiv, statistikk og media. Det at vi no nærmar oss samtida gjev dessutan eit eineståande høve til å supplera dei skriftlege kjeldene med intervju med nolevande personar, både nøkkelpersonar i politikk og næringsliv, men og med vanlege fjellsokningar, om korleis deira liv har vore.

Urbanisering
Folkeveksten har utan tvil urbanisert politikken i nabokommunen til Bergen. Ei utvikling som vert tydeleggjort ved at ordførarane dei siste periodane har vore innflyttarar. Vi må heilt attende til perioden 2007 – 2010 då Lars Lie (H) var siste innfødde fjellsokning i ordførarstolen.

Sett utanfrå har Fjell mykje til felles med Os; nærleiken til Bergen, sterk folkevekst og mange byggjefelt. Dei politiske forskjellane er likevel tydelege.
I Os styrer FrP og Terje Søviknes på fjerde perioden. I Fjell har Arbeidarpartiet og Høgre tradisjon for å samarbeida om makta. Sjølv om dette er dei to store partia nasjonalt, er dette eit samarbeid som ville ha vore utenkjeleg i Stortinget, seier Losnegård.

-Samarbeidet mellom Arbeidarpartiet og Høgre har bidrege til å svakka småpartia sin medverknad i dei demokratiske prosessane. Når dei vert samde i felles gruppemøte i forkant av behandlinga i politiske fora, er sakene i praksis avgjort, konstaterer han.

FrP og bompengar
FrP var veldig sterke i Fjell ved kommunevala i 2003 og 2007. Mange var tidlegare misnøgde Høgre-veljarar. Med 15 representantar i 2007 var dei omlag like store som Høgre og Arbeidarpartiet til saman.

-I motsetnad til i Os, gjorde FrP i Fjell ein dårleg jobb i forhandlingane om posisjonar. Dei klarte ikkje å få ordføraren, seier historikaren.

Forklaringa på dagens relativt svake stilling må vi langt tilbake for å finna:
-Bompengestriden i 2007 var byrjinga på slutten til FrP i Fjell, antydar Losnegård.

Varaordførar Georg Indrevik ivra for å få til ei løysing på nytt Sotrasamband og var tydeleg på at bompengar ikkje var til å unngå. Noko han hausta kritikk for hos sine eigne.

Krangel om bompengepakkar og kva bompengane kan brukast til, går som ein raud tråd gjennom heile pendlarkommunen sin historie. Då Sotrabrua vart bygd, låg det i korta at bompengane skulle bidra til å finansiera veg og bruer vidare utover mot Sund og Øygarden. Fjellsokningane flest såg likevel helst at den veldige trafikkauken bidrog til å korta inn på nedbetalingstida. Særleg var Høgrefolka i byggjefelta på Litle Sotra ivrige etter å avslutta innbetalingane straks brua var nedbetalt.

At nær halvparten av dei 90 millionane som vart henta inn frå bilistane og i rekordhøge renteinntekter gjekk til infrastruktur lenger vest, skjedde difor ikkje utan sverdslag. Brua over Solsviksundet til Misje, og Øygardsvegen, er mellom dei prosjekta som vart ein realitet takka vera bompengane på Sotrabrua.

Å byggja Sotrabrua gjekk uvanleg raskt, sett med dagens auge. Det tok berre 10 – 12 år frå brua dukka opp på den politiske dagsorden og til ho var klar til opning. Mykje av æra for det kan tilskrivast Ingvald Ulveseth. Etter å ha bidra til å dra opp oppslutnaden om Arbeidarpartiet i Fjell frå midten av 1950-talet, steig Arbeidarpartiordføraren frå 1958 – 1965 raskt i gradene i partiet. Først til statssekretær og seinare til første faste stortingsrepresentanten frå Sotra.

-Ulveseth fungerte nok som døropnar for bruplanane i Oslo, seier Losnegård.

-Den tida var det langt mellom slike store bruprosjekt. Sotrastrilen drog fordel av å vera tidleg ute, hevdar historikaren.

SotraLista
Bygdelistene var lenge rikt representert i kommunestyret. Partipolitikken spela ei mindre rolle enn den geografiske representasjonen, og dei ulike grendalaga såg det som svært viktig å få inn sine eigne folk. Listene representerte alle delane i kommunen, men fekk gjerne eit kort liv. Ved valet i 1955 hadde fjellsokningane heile fem bygdelister å velja mellom. Til saman fekk dei 11 av dei 25 mandata i kommunestyret. I 1963 fekk dei seks bygdelistene utteljing i form 10 av 27 representantar.

I 1991 dukka det opp ei ny og interessant bygdeliste, SotraLista, med utgangspunkt i konflikten kring bossfyllinga på Eide. Jan Utkilen braut med Høgre i 1995. Med åtte mandat i ryggen i kommunestyret og med støtte frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og KrF, vart han ordførar for SotraLista i perioden 2003 – 2007.

– SotraLista har spegla konflikten mellom sentrum og periferi i kommunen. Ein konflikt som berre har blitt forsterka ettersom regionsenteret Straume har vakse. Det spesielle med SotraLista er likevel at ho har overlevd så lenge. Eg tvilar på at det ville skjedd utan Jan Utkilen, hevdar Losnegård.

Driftige Høgre-kvinner
Kvinnene var lenge nærast usynlege i lokalpolitikken. Først i 1967 vart dei første kvinnene vald inn på fast plass i kommunestyret. Då kom det til gjengjeld inn heile fem stykker.

Den markante Høgre-kvinna Sigrid Utkilen var ei av dei. Ho vart seinare første kvinna frå Sotra som fekk fast plass på Stortinget (1973 – 1981).

Les: Politiske føregangskvinner i Fjell

-Høgre på 1970 og 80-talet var prega av dei mange tilflyttarane i byggjefelta på Litle Sotra. Driftige damer som Utkilen, Elsa Nordvik og Marit Schmidt Lie var med på å profilera partiet, seier historikaren.

Så kom då også Fjell sin første kvinnelege ordførar frå Høgre; Eli Årdal Berland, men det var først i 2010. Ho fekk avløysing i 2015 av Marianne Sandahl Bjorøy frå Arbeidarpartiet.

Bedehuskulturen
-Bedehuskulturen er no nærast utradert som følgje av folkeveksten, og KrF har langt mindre innflyting i dag enn på 1950-talet. KrF haldt likevel posisjonen til langt utpå 1980-talet, og har hatt sterk påverknad mellom anna på barne- og ungdomspolitikken, hevdar historikaren.

Lokale media utgjer ei viktig kjelde for arbeidet med bygdesoga. I SotraNytt har historikaren mellom anna lese om konfliktane omkring det frilynde ungdomsarbeidet. Då KrF på 1970-talet insisterte på at den nytilsette sosialkuratoren skulle vera kristeleg, utløyste det store oppslag i media, ikkje berre lokalt. Til sist vart vedtaket stoppa i departementet. Ved tilsetjing av miljøarbeidar til ungdomsklubbane steig mediestormen til orkan: KrF frykta at ungdomsklubbane skulle konkurrera med deira eigne aktivitetar for ungdom. Dessutan dreiv dei informasjon om sex og samliv. Då det attpåtil vart funne ein kondom på Fjell Ungdomsskule, viste KrF musklar: Ungdomsklubbane skulle bemannast av frivillige, fekk dei gjennomslag for.

-Vedtaket vart eit slag i magen på ungdomsklubbane, og fekk store oppslag i VG. I SotraNytt var overskrifta «Heile Norge ler av Fjell».

-SotraNytt var tidleg ute med undersøkjande journalistikk. Redaktøren tok ikkje alt han fekk høyra for god fisk, men undersøkte saka sjølv. Noko som ofte vekte rabalder. Sterkast var kritikken i dei kristenkonservative miljøa. Få lokalaviser på den tida var så motige, seier historikaren.

KrF har hatt dyktige forhandlarar og har ofte fått meir makt enn den politiske oppslutnaden skulle tilseia. Partiet må mellom anna ta ein stor del av ansvaret for at Fjell var seint ute med barnehagebygging, hevdar Losnegård.

Kristenkonservativ
Store, moderne institusjonar som Straume Forum og Bibelskulen på Bildøy viser at dei kristne miljøa har vore gjennom ei tilsvarande fornying som resten av Fjell-samfunnet. Gjennom miljøet kring «Norge I DAG», redaktør Finn Jarle Sæle og Anita Apelthun Sæle, står Fjell framleis sterkt i det kristenkonservative Norge, seier Losnegård.

Delar av bedehusrøyrsla har gjennomgått ei karismatisk dreiing. Slik har dei sikra oppslutnad hos dei yngre. Av dei 23 bedehusa som opphaveleg stod kringom i kommunen, er det framleis aktivitet i 13 av dei, har historikaren funne ut.

For ein historikar er det alltid interessant å vurdera kva som kunne ha skjedd, om tilhøva hadde vore annleis:
-Utan nærleiken til Bergen og den sterke posisjonen til KrF, hadde Senterpartiet truleg hatt makta i Fjell, som i dei fleste andre distriktskommunar, avsluttar historikaren.

Ordførarar i Fjell 1929 – 2019
1929–41 og 1945: Hans Rønnestrand (1886–1962) (V)
1946–47: Ole Kristoffer Bjorøy (1912–72) (Småbrukar- og fiskarlista, tilsvarar AP)
1948–51: Ole H. Fjeld (1895–1970) (V)
1952–57: Mons M. Kobbeltvedt (1884–1978) (KrF)
1958–65: Ingvald Ulveseth (1924–2008) (Ap)
1966–67: Anders Andås (1899–1982) (KrF)
1968–79: Olav Midttun (1913–94) (KrF)
1980–81: Torolv Morlandstø (f. 1938) (KrF)
1982–87: Norvald Nesse (1941–2013) (H)
1988–89: Harald Rød (f. 1940) (KrF)
1990–91: Bjørn Christensen (f. 1945) (Ap)
1992–2003: Ole G. Fredheim (f. 1948) (Ap)
2003–07: Jan Utkilen (f. 1946) (Sotralista)
2007–10: Lars Lie (1947–2010) (H)
2010–15: Eli Årdal Berland (f. 1952) (H)
2015–: Marianne Sandahl Bjorøy (f. 1962) (Ap)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.