Sjå etter E-en

Bur du i Søre Fjell eller i retning Ågotnes? Då bør du sjå etter E-en på bussen.

E-en viser at dette er ein ekspressbuss. Denne går til Ågotnes, og stoppar ikkje før Bildøy. Reisande til Litle Sotra bør dermed sjå seg om etter ein annan buss.

(Saka er oppdatert.)
E-en indikerer dei to nye ekspessbusslinjene til Ågotnes og Skogsskiftet.

Skogsskiftet
Linje 450E går frå Skogsskiftet klokka 6.40 no i sommar, med retur frå Bystasjonen klokka 15.35.

Til hausten vert det fire avgangar med 20 minuttars frekvens i retning Bergen om morgonen, og like mange i retur på ettermiddagen.

Ågotnes
Linje 460E går direkte frå Ågotnes terminal  retning Bergen. No i sommar vert det avreise frå Ågotnes klokka 6.55, og heimatt klokka 15.43.

Til hausten vert det seks avgangar retning Bergen på morgonen, og fire heimatt på ettermiddagen. Også her vert det lagt opp til 20 minutter mellom avgangane.

Stoppar ikkje før
Sjå opp for E-en bør du gjera også om du bur på Litle Sotra. Ekspressbussane stoppar nemleg ikkje for avstiging før på Bildøy.

Ordinære bussar til Ågotnes terminal eller Skogsskiftet vil framleis gå oppom Straume terminal.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.