«Kjetting-Jan» til angrep på formueskatten

Formueskatten kan velta vekstplanane til Jan Vindenes og Sotra Anchor & Chain AS.

Sveiserobotar vil gjera sveisarane enno meir effektive, slik at produksjon på Sotra vert konkurransedyktig med Asia, kunne Jan Vindenes fortelja Terje Søviknes då han stakk innom i dag.

Sotra Anchor og Chain AS leverer anker og kjetting til offshore og shipping. Verksemda er det største av dei fire dotterselskapa i Sotra Gruppen AS. Åra etter oljeprisfallet i 2014 har vore slitsame for konsernet som hadde 100 tilsette og omsette for 160 millionar kroner i toppåret.

Formueskatten er ein torn i auga på leiinga i industriverksemda på Vindenes, kunne dagleg leiar Jan Vindenes fortelja Terje Søviknes (FrP) då han i dag stakk innom som ledd i Regjeringa sin sjarmkampanje ovanfor dei mange SMB-verksemdene som utgjer fundamentet i norsk næringsliv.

I møtet med den tidlegare FrP statsråden og partiet sine lokale representantar var den frittalande bedriftsleiaren, best kjent som «Kjetting-Jan» svært så tydeleg på kva som uroar han. I FrP vert han møtt med forståing.

Subsidierer
No vurderer dei å flytta ankerproduksjonen heim til Norge. Investering i sveiserobotar som kan gjera sveisarane enno meir effektive, vil gjera produksjon på Sotra konkurransedyktige med industriproduksjon i Asia, reknar dei med.

Omsetnaden til Sotra Anchor & Chain AS auka til 86 millionar kroner i fjor. Resultatet før skatt enda på 8,3 millionar. Inntektene i Sotra Gruppen konsernet enda på 123 millionar, med eit resultat på 5,3 millionar før skatt, seier Jan Vindenes til nettavisa Tunnelsyn.no.

Siste åra har inntektene frå Sotra Anchor & Chain subsidiert aktivitetane i verkstadselskapa i Sotra Gruppen. Det har dei gjort dels for å sleppa ei hard nedbemanning og tapa verdfull kompetanse, ifølgje Vindenes.

Vekstplanar
I den familieeigde verksemda har dei mange planar om framtidig vekst. Nett no er dei inne i ein beslutningsfase med frittflytande planar. Området på Vindenes er i ferd med å verta for lite. Å få lov til å utvida har vist seg å by på problem.

Formueskatten tappar oss for ressursar vi elles kunne ha nytta til å veksa, konstaterer Jan Vindenes.

No er dei forhandlingar med Sund kommune om å sikra seg eit areal på Skaganeset. Viser det seg at den økonomiske utviklinga går rett veg, kan det vera at dei med tid og stunder flyttar heile anker- og kjettingproduksjonen dit, seier Vindenes.

Formueskatt
Formueskatten til aksjonærane er ein viktig, men særdeles lite populær faktor i kalkylene, seier bedriftsleiaren. Formueskatten må aksjonærane betala så framt nettoverdien på bustad, bil og aksjar overstig 1,5 millionar kroner. Skatten må betalast uavhengig av inntekt.

Aksjonærane i Sotra Gruppen AS er for ein stor del vanlege lønsmottakarar. For at dei skal klara å betala formueskatten som eigarskapen til aksjane inneber, er konsernet nøydd til å betala utbyte. Eit utbyte som aksjonærane i tillegg må betala skatt på.

-I år går det bra, fordi eitt av selskapa har overskot. Hadde alle verksemdene gått med underskot, hadde vi vore nøydd til å selja unna verdiar for å kunna betala utbyte, konstaterer bedriftsleiaren.

Ingenting att
– Vi er inne i ein vond sirkel. Utbytet tappar konsernet for ressursar vi elles kunne ha nytta til å ekspandera, seier Vindenes.

-Slik det er no, vert det ingenting att. Om ikkje formueskatten forsvinn, kan det vera vi vert nøydd til å flytta alt ut av landet, i staden for å flytta heim, trugar Vindenes.

Lokale arbeidsplassar
Sotra Gruppen har no 60 fast tilsette. Svingningar i aktiviteten inneber at det akkurat no er neste like mange innleigde i konsernet. Målet er å koma tilbake på nivået frå 2014.

-Å skapa lokale arbeidsplassar er viktig. Det gjev ringverknadar. Det er eit krav at alle vi rekrutterer skal vera busette på Sotra, nasjonaliteten er derimot uinteressant, seier Jan Vindenes.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.