Sund på ledighetstoppen

Medan talet på arbeidsledige synk jamt og trutt i dei fleste kommunane, held det seg stabilt høgt i Sund.

Kunnskapsmessig mis-match: NAV har registrert 347 utlyste jobbar innan industri, samstundes er det 738 ledige med bakgrunn frå industrien. Arkivbilete.

Ved utgangen av juni var det hos NAV registrert totalt 679 arbeidslause i nye Øygarden. Det var 34 færre enn ved utgangen av mai. Heile 121 av dei ledige gjekk på tiltak, kjem det fram av den dagsferske statistikken frå NAV.

Mest positiv var utviklinga i Fjell. Her er det no heile 27 færre arbeidssøkjarar enn ved utgangen av mai.

Sund
I «smilekommunen» sønst på Sotra gjev utviklinga på arbeidsmarknaden liten grunn til å smila. Ved utgangen av juni var det totalt 130 registrerte arbeidssøkjarar i kommunen. 17 av dei gjekk på tiltak.

Samanlikna med månaden før, var det registrert fire færre arbeidssøkjarar i Sund. Totalt utgjer dei arbeidslause no 3,1 prosent av arbeidsstokken. Noko som kvalifiserer til ein tredjeplass i Hordaland.

Askøy
I Askøy er det registrert 366 ledige, 12 færre enn ved utgangen av mai. 64 av dei ledige gjekk på tiltak.

Kvalifisert
Arbeidsløysa i mange kommunar er no så låg at NAV tek mot bekymringsmeldingar om mangel på kvalifisert arbeidskreft. Samstundes er det mange ledige med bakgrunn frå dei same områda.

I Hordaland er det no flest ledige innan butikk og sal, industri og bygg og anlegg.

Arbeidsløysa juni 2019
Heilt ledige På tiltak Totalt juni 2019 Totalt mai 2019 Endring
sund 109 17 126 130 -4
Fjell 381 89 470 497 -27
Øygarden 68 15 83 86 -3
558 121 679 713 -34
Askøy 302 64 366 378 -12
860 185 1045 1091 -46
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.