Få straumleverandørar tilbyr timespris

Eitt år etter at dei fleste sotrastrilane fekk installert smart straummålar, er det framleis berre eit fåtals straumleverandørar som tilbyr straumavtalar som vert avrekna i samsvar med det faktiske timesforbruket.

Då norske straumkunder fekk utplassert dei nye, smarte straummålarane var det under påskot om at vi skal betala for den straumen vi faktisk brukar. Dei fleste sotrastrilar har no hatt dei nye målarane på plass i sikringsskapet i over eitt år.

Les: Gjestekommentar: De nye strømmålerne – en fiasko?

Framleis har forbrukarane berre eit fåtals straumlevarandørar å velja mellom som tilbyr straumpris basert på sokalla «timespot».

Du finn ein oversikt over dei ulike avtaletypane på www.strompris.no

Sjølv om informasjonen om døgnvariasjonen i straumforbruket ditt no ligg tilgjengelege på nettet, er det framleis mange straumleverandørar som ikkje nyttar seg av dei store datamengdene. Dei aller fleste leverandørane tek seg betalt ut frå snittprisen i døgnet. Nokre, som Kvinnherad Energi, sender framleis rekning til kundane basert på snittprisen gjennom ein heil månad.

Store variasjonar

Variasjon i kraftprisen 4. januar. Kjelde: Georg Indrevik.

Straumprisen varierer mykje, ikkje berre med årstid, men og med tida på døgnet forbruket skjer. Har du eit forbruk som inneber at du brukar mykje straum i dei timane der det samla nasjonale forbruket er størst, så skal du betala meir for kilowattimen enn om du styrer forbruket til nattetimane og midt på dagen, når kilowattimane er rimelegast, er filosofien til kraftselskapa.

Kraftselskapa vil spara pengar på dei nye straummålarane. Helst ser dei at dei kan spria forbruket så ut over døgnet at dei slepp nye, kostbare nettutbyggingar. Etterslepet på vedlikehald av det nasjonale nettet nærmar seg 300 milliardar kroner.

Effektprising
Det er Elhub som held oversikten over forbrukarane sitt straumforbruk. Ei oppgåve som kostar 70 kroner året per husstand, ifølgje pressekontakt Gunnar Romsaas i Statnett.

Korvidt, eller kor mykje, straumkundane kan spara på omlegginga, ønskjer verken Statnett eller BKK svara på.

Når kraftleverandørane nølar med å ta i bruk dei store datamengdene vi har investert store summar i utstyr til å samla inn, er det i påvente av ei føresegn om effektprising på straum. Føresegne vart møtt med mykje kritikk, mellom anna av interesseorganisasjonen Huseiernes Landsforbund, fordi dei frykta at straumrekninga ville auka for svært mange forbrukarar. NVE har no lagt prosjektet på is, inntil vidare.

Sjå forbruket ditt

Straumforbruket første veka i januar. Raudt markerer timane der forbruket er høgast (5 kWh), gult nivået under. Blått er timane med lågast forbruket. (Fargen er lagt til av meg i Excel.)

Hos nettleverandøren din kan du no logga deg inn på «di side» og sjå korleis forbruksmønsteret ditt varierer, time for time, dag for dag. Ved å lasta ned forbruket til ei excel-fil kan du einkelt få til ein grafisk oversikt over når forbruket er størst og når du bør setja inn sparetiltaka.

Overvaking
Mange forbrukarar vegra seg for å installera dei nye straumålarane i frykt for overvaking.

Slik det nye systemet fungerer, får kraftleverandøren oversendt informasjon om dagsforbruket ditt frå sikringsskapet på etterskot ein gong i døgnet, ikkje i sanntid.

Skal du kunna sjå sanntidsmålingar av straumforbruket må du først få opna den sokalla HAN-porten på straummålaren.

Les: https://www.nek.no/info-ams-han-brukere/

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.