Får kompensasjon for tap av eigedomsskatt

Øygarden kommune får kompensasjon frå Regjeringa for noko av tapet av eigedomsskatt på verk og bruk.

Øygarden kommune får 1,5 millionar kroner i kompensasjon for noko tapet som følgje av bortfallet av eigedomsskatt på verk og bruk.

Øygarden er ein av dei kommunane som vert hardt ramma av Regjeringa sin omleggingar av eigeskomsskatten.

Som ein av konsekvensane av omleggingane får kommunane frå og med 2019  ikkje lenger skriva ut eigedomsskatt på verk og bruk.

Som kompensasjon for inntektsbortfallet kommunane lid i dette året, har Regjeringa sett av 71 millionar kroner i statsbudsjettet, ifølgje ei melding frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Øygarden kommune er ein av dei som har hatt eit inntektsbortfall på meir enn 17 kroner per innbyggjar og som difor får kompensasjon. Totalt får dei 1,5 millionar kroner.

Øygarden får ikkje kompensasjon for det vesentleg større økonomiske tapet som følgje av omleggingane i eigedomsskatten på kraft- og petroleumsanlegg.

Kommunar som har tapt mindre enn 17 kroner per innbyggjar, får ingen kompensasjon. Det gjeld mellom anna Sund og Fjell.

Omlegginga av eigedomsskatten ramma mange kommunar, men for dei store industrikommunane svei tapet verre enn i kommunar med ein annan næringsstruktur. Til  saman 115 kommunar får økonomisk kompensajon for bortfall av eigedomsskatt på verk og bruk.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.