FrP vinn på sosiale media

Om det går dårleg på meiningsmålingane, kan FrP i det minste vera konge på sosiale media.

Terje Søviknes (tv) i aksjon som intervjuar, lagt ut på den offisielle Facebook-sida hans.

Då Terje Søviknes fredag var på vitjing hos Sotra Anchor & Chain og «Kjetting-Jan» Vindenes, avslutta Frp-nestleiaren vitjinga med å gjera eit videointervju med seg sjølv og den landskjende bedriftsleiaren.

Les: «Kjetting-Jan» til angrep på formueskatten

Søviknes inntok sjølv rolla som intervjuar, medan Anita Garlid Johannessen sørge for å foreviga intervjuet med mobiltelefonen.

Slik kunne nestleiaren i FrP sørga for å ta kontroll over spreiinga av partiet sin bodskap om formueskatten, upåverka av journalistisk bearbeiding, og utanom alle profesjonelle kanalar.

Opptaket la Søviknes ut på Facebook-sida si. Mandag føremiddag hadde saka blitt sett over 18.000 gongar. 86 personar hadde delt posten. Intervjuet er dermed ei av dei mest populære sakene på Søviknes si side etter at han forlot plassen ved Erna sitt bord.

Medviten strategi
-FrP sentralt har ein medviten strategi på at partiet skal vera gode på sosiale media. Alle lokallaga har fått utdelt mikrofon og det utstyret som skal til, seier Garlid Johannessen.

Etter det nettavisa Tunnelsyn.no veit, har fleire av dei lokale partitoppane vore på kurs i bruken av sosiale media, men 2. kandidaten på vallista til kommunevale i nye Øygarden høyrer ikkje til mellom dei.

– Eg likar verken å bli intervjua eller å intervjua, seier Garlid Johannessen.

Terje Søviknes har ikkje svara på nettavisa Tunnelsyn.no si henvending om saka.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.