Fryktar risiko i OPS-kontrakt

Samferdselsminister Jon Georg Dale (FrP) har ikkje noko snarleg trøyst å tilby dei som helst hadde sett at gravemaskinene kjem i gang med arbeidet på nytt Sotrasamband fort som f***.

Stortingsrepresentant Ruth Grung (A) har gjentekne gongar purra på framdrifta med Sotrasambandet.

Les: Purrar på Sotrasambandet

No har samferdsleminister Jon Georg Dale måtta forklara seg i Stortinget enno ein gong om kvifor anleggsstarten, som var varsla i 2018, framleis ser ut til å vera i det blå.

Konkurransen om anbodet på oppdraget til anslagsvis 17 milliardar kroner er enno ikkje lyst ut. Det har fleire årsakar, ifølgje svaret Grung fekk frå samferdsleministeren i går.

Behovet for å redusera risikoen i OPS-kontrakten er viktigaste argumentet til Dale. Etter at Bergen kommune nyleg vedtok reguleringsplanen for terminalen ved Storavatnet, er risikoen noko redusert, ifølgje Dale.

Samferdselsminisger Jon Georg Dale (Frp) er uroleg for risikoen i OPS-prosjektet på nytt Sotrasamband. Eit prosjekt til 17 milliardar kroner over 25 år.

Tre viktige spørsmål står likevel att:
– Framdrifta i omlegginga av høgspentkabelen, og usikkerhet om tidspunktet når leverandøren vil få tikomst til området.

Les: Planlegg tørkeanlegg for ureine massar

-Juridiske vurderingar i tilknyting til konkurransegrunnlaget og behovet for fleksibilitet i den 25 år lange kontraktsperioden.

-Avklaringar om grunnerverv. Kring 700 grunneigarar vert berørte av reguleringsplanen.

Les: 700 må avstå grunn til Sotrasambandet

 

 

 

4 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.