Delar på 6,9 millionar

Sju barnehagar vestom Bergen er med og delar på 6,9 millionar til kompetanseutvikling hos dei tilsette.

Glesnes Barnehage. Arkivfoto: Sund kommune.

52 barnehagar i Hordaland og Sogn og Fjordane deltek i den regionale ordninga for kompetanseutvikling. Av dei finn vi to i Askøy, to i Fjell, to i Sund og ein i Øygarden, kjem det fram i ein melding frå Fylkesmannen i Vestland.

Til saman 6,888 millionar kroner er sett av til fordeling mellom barnehagane som er med i ordninga. Pengane skal kunna nyttast til:
– Personalmøte, i kvart utviklingsprosjekt er det tenkt midlar til 6 personalmøte à 3 timar i prosjektperioden
– Frikjøp av tid til arbeid i mellomperiodane
– Frikjøp av tid til prosjektgruppa
– Tid til å planleggja og samarbeida med universitets- og høgskolesektoren.

Dei sju barnehagane i region vest som får nytte av midlane er: Haugland barnehage og Træet barnehage i Askøy, Bildøy barnehage og Tiriltunet og Langøy barnehage i Fjell, Glesnes og Televåg barnehage og Skogsvåg barnehage i Sund, og Tjeldstø barnehage i Øygarden.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.