Fire entrepenørar vil ha denne jobben

Entrepenørverksemdene vurderer kostnaden forbunde med å utbetra Fv. 213 Skiftesvik – Marikoven svært ulikt, viser dei innkomne tilboda.

Dei reisande kan måtta venta 2 – 3 timar på å sleppa fordi når denne 30 meter høge fjellskjæringa skal sprengjast vekk. Statens vegvesen planlegg å gjera arbeidet neste sommar.

Utbetringa av Fv. 213 Skiftesvik – Marikoven vert den sjette av strekkjene i Askøypakken.

Då freisten for å leggja inn tilbod på entreprisen gjekk ut i dag, hadde det kome inn bod frå fire entrepenørverksemder.

Entrepenørverksemdene vurderer jobben svært ulikt, viser dei innkomne tilboda. Forskjellen mellom rimelegaste og dyraste tilbodet er på heile 45 prosent.  Medan rimelegaste entrepenørverksemda kalkulerte oppdraget til å kosta 98,4 millionar kroner, kravde den dyraste heile 142,5 millionar kroner, kjem det fram av protokollen.

Nedsprenging av ei inntil 30 meter høg og 120 meter lang fjellskjæring i Kvitaneset vert den mest krevjande oppgåva på den 1,4 kilometer lange vegstrekninga. Heile 35.000 kubikkmeter stein skal sprengjast og fraktast vekk.

Les: Her kan det verta lenga å venta

 

 

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.