Føreslår å seia opp 67-åringar

Den vanskelege økonomiske situasjonen i Askøy bør løysast utan å seia opp tilsette. Eitt unntak kan det likevel vera.

Personar som har fylt 67 år og som har opptent fulle pensjonsrettar vil normalt ikkje verta sette i ein vanskeleg situasjon om dei vert oppsagt, hevdar rådmann Eystein Venneslan i Askøy kommune.

Det føreslår i alle fall rådmann Eystein Venneslan i eit framlegg til sak i kommunestyremøtet like over ferien.

Det vedtekne budsjettet for 2019, og økonomiplanen fram til og med 2022, legg opp til utgiftsreduksjonar som vil krevja omorganiseringar og nedbemanning. Som eitt prinsipp legg rådmannen opp til at nedbemanninga skal skje utan at nokon vert oppsagt.

Eit unnatak kan vera tilsette som fyller 67 år og som har oppnådd fulle pensjonsrettar. Så framt det føreligg sakleg grunn, bør tilsette som har oppnådd aldersgrensa og fulle pensjonsrettar kunna seiast opp som følgje av nedbemanning, skriv rådmannen i saksinnstillinga.

Venneslan grunngjev tilrådinga med at tilsette over 67 ikkje har same verneomsyn som andre tilsette. Tilsette som har nådd aldersgrensa og som har opptent fulle pensjonsrettar, vil normalt ikkje verta sett i en vanskeleg situasjon om dei vert oppsagte frå stillinga si.

Arbeidsgjevar kan likevel ikkje seia opp tilsette fordi dei har fylt 67 år. Berre dersom ein person i ein slik situasjon vert definert som overtallig ut frå saklege kriteriar, og kommunen ikkje kan tilby anna passande arbeid.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.