Kunne ikkje lova pengar til snøggbåt i anleggsåra

40 millionar til eit snøggbåtsamband som kan avhjelpa trafikkavviklinga i anleggsperioden for nytt Sotrasamband ville hjulpe mykje, føreslo rådmann Steinar Nesse då statssekretær Tommy Skjervold (FrP) i samferdselsdepartementet i dag vitja Sotra.

Trafikken står alt i stampe. Rådmann Steinar Nesse i Fjell (tv) etterlyser pengar til avbøtande trafikkavviklingstiltak i anleggsperioden for nytt Sotrasamband.

Men pengar stod ikkje på lista til statssekretæren. I samband med bygging av eit nytt vegsamband til over ti milliardar, har ikkje Regjeringa nokre ekstra millionar kroner å avsjå.

-Pengar vert berre løyvd ein gong i året, i Statsbudsjettet, avviste statssekretæren spørsmålet frå den bekymra rådmannen i Fjell.

Snøggbåtrute
Frykt for at trafikken over Sotrabrua skal bryta saman under anleggsarbeidet med ny bru gjer at ein bør vurdera ei snøggbåtrute, er det brei semje om i Fjell, Sund og Øygarden.

Les: «Alle» vil ha snøggbåt til Sotra

Både Skaganeset og Ågotnes er spelt inn som aktuelle anløpsstadar for eit snøggbåtsamband. 40 millionar kroner ville hjulpe mykje. Har de pengar? ville rådmann Steinar Nesse gjerne ha svar på då statssekretær Tommy Skjervold i dag vitja Fjell.

Uroleg for trafikkavviklinga
Rådmannen i Fjell er minst like uroleg for trafikkavviklinga i anleggsperioden til det nye Sotrasambandet som for ei utsetjing av ferdigstillinga. Får vi berre ei ordning på det, vil mange kunna seinka skuldrane, er han overtydd om.

-Trafikken står alt i stampe. Det finst ingen omkøyringsvegar. Snart går vi inn i ein periode med langvarig anleggsarbeid, kan hende på fleire delar av Sotra sin trafikkale navlestreng, samstundes. Korleis har de tenkt å løysa utfordringa med trafikkavvikling i anleggsperioden, spurte Nesse.

-Eg er overtydd om at vi vil får til gode løysingar for trafikkavviklinga i anleggspreioden. Statens vegvesen har gode rutinar på slikt, forsikra Skjervold.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.