Sende statssekretær for å få feriefred om Sotrasambandet

Samferdselsdepartementet skuldar på risiko når det gjeld arbeid med høgspentlinjer og grunnerverv, men anar ikkje status på framdrifta.

Statssekretær Tommy Skjervold (FrP) i samferdselsdepartementet vart hardt pressa av ordførarar og plankomiteleiarar i Fjell, Sund og Øygarden.

OPS-kontrakten på det nye Sotrasambandet skulle ha vore lyst ut før sommarferien, men det har ikkje skjedd. Samferdselsminister Jon Georg Dale skuldar i staden på uavklara risiko i tilknyting til høgspentlinjer og grunnerverv.

Les: Fryktar risiko i OPS-kontrakt

Utlysing i år
Etter BT-oppslaget sist veke om at Sotrasambandet er utsett igjen, har toppane i samferdselsdepartementet blitt hardt pressa av lokale toppolitikarar og partikolleger. I dag sende samferdselsministeren statssekretær Tommy Skjervold (FrP) for å forklara seg til ordførarane i Fjell, Sund og Øygarden.

-OPS-kontrakten vil verta lyst ut i år, og dei første bilane vil kunna ferdast over brua i 2025, forsikra statssekretæren gjentekne gongar i møtet med fungerande ordførar Tom Georg Indrevik, Nils Kåre Skoge, Børge Haugetun, plankomiteleiarane Henning Ekerhovd (A) og Svein Otto Jacobsen (FrP) og rådmann Steinar Nesse.

Kjenner ikkje detaljane
På direkte spørsmål frå nettavisa Tunnelsyn.no kan Skjervold ikkje utdjupa detaljane knytta til dei to nemnde risikofaktorane. Det vil han først få informasjon om i møtet samferdselsdepartementet har innkalla Vegdirektoratet til i første halvdel av august.

-Høgspentlinjene går til prosessanlegga på Kollsnes. Kostnadane ved eit straumbrot der vil verta store. Er det dette som er den ekstra kompleiksiteten, ville ordførar Børge Haugetun i Øygarden gjerne ha svar på.

– Vi har kome mykje lenger i arbeidet med å avklara risikoen. Mykje av risikoen er alt rydda av vegen. Det gjeld mellom anna reguleringsplanen for Storavatnet i Bergen, forsikrar Skjervold.

-Regjeringa ønskjer å halda tett kontroll på framdrifta i Sotrasambandet. Vi skjønar kor mykje det betyr for dykk. Vi vil difor ha møter med Vegdirektoratet kvar tredje månad for å forsikra oss om at Sotrasambandet har topp prioritet og at det er fullt trykk på framdrifta, legg Skjervold til.

Incentiv i OPS-kontrakten
Sotrasambandet skal byggjast som eit offentleg – privat samarbeid (OPS). Kritiske røyster har innvendt at valet av kontraktsform bidreg til å forseinka framdrifta.

Utsetjinga har ingenting med valet av OPS-kontrakt å gjera, forsikra statssekretæren frå FrP som personleg har stor tru på sjølve kontraktsforma. Storleiken på kontrakten og krevjande jus, kombinert med kompleksiteten i prosjektet, gjer det likevel naudsynt å avklara så mykje som mogeleg i forkant, slik at ein reduserer risikoen for overraskingar undervegs, ifølgje Skjervold.

OPS-kontrakten vil gje entrepenørselskapet som vinn konkurransen incentiv til å setja fortgang i anleggsarbeidet. Det at kontrakten enno ikkje er utlyst, inneber ikkje at opninga av brua vil verta forseinka, hevda han.

Lytta avventande: Børge Haugetun (tv), Svein Otto Jacobsen og Nils Kåre Skoge.

Lei av utsetjingar
Tilhøyrarane på andre sida av bordet lytta avventande til bodskapen frå Oslo.

– Det gjekk ei kule varmt etter det BT-oppslaget, medgjekk Svein Otto Jacobsen som har stått på ekstra siste veka for å henta nokon frå toppleiinga i departementet over fjellet for å forklara seg.

-Å få tilbakemelding kvar tredje månad held ikkje. Tre månadar er ein evighet. Eg kan tenkja meg å få hyppigare oppdateringar, krev FrP sin ordførarkandidat til kommunevalet i haust.

-Det er rett at Sotrasambandet ikkje var «gryteklart» då de kom i Regjering i 2013, men no skriv vi 2019. I mellomtida har vi fått stadig nye lovnadar. Vi har eit ansvar ovanfor innbyggjarane. Pengane er bevilga. Eg vil åtvara mot nye utsetjingar. Det er viktig at vi ikkje treng ha eit tilsvarande møte om tre månadar, åtvara Nils Kåre Skoge (H).

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.