Sommarpraten: Kommunalsjef med bigesjeft

Det er ei tid for alt, tenkjer Råmund Skjold (52).

Råmund Skjold på heimabøen.

-Vi må følgja med på utviklinga. Og å ta vare på den lokale identiteten, tenkjer kommunalsjefen for kultur og samfunn i nye Øygarden kommune. Sjølv gjev han inntrykk av å trivest godt i spagaten mellom rolla som småbrukar, birøktar og familiemann og som toppleiar i ein kommune med intensjon om å framstå som eit urbant fyrtårn.

Bigesjeften
Ved første augekast er det tilsynelatande ikkje mykje urbant over denne karen. Der du tek av frå hovudvegen nordover mot Hellesøy vert du møtt av tre grøne hesjer som står trauste og rakrygga mot regnbygene. Bakanfor glinsar det kvite gardshuset nymåla. Stillaset har huseigaren enno ikkje rukke å ta ned.

-Eg rakk akkurat å verta ferdig med husmålinga før ferien, smilar Råmund Skjold nøgd.

Det er småbrukaren som helsar velkomen til gards. Når kommunalsjefen held seg med landlege bigesjeftar, er det dels fordi det er kjekt å driva på med, dels for å halda kulturlandskapet ope, og dels for å fortsetja tradisjonen på garden, fortel han medan vi vandrar langs nyslegne, grøne bøar for å gje villsauene dagens rasjon med eigarkontakt og gammalt brød: På denne årstida treng sauene eigentleg ikkje fôrtilskot. At eigaren held relasjonen ved like slik at dei ikkje gløymer å koma når han kallar, er likevel viktig.

Bigesjeften er ikkje noko nytt påfunn. Naturforvaltaren som vart utdanna på Ås fekk interesse for biehald alt i studietida. Etter kvart har den summande, honningproduserande delen av familien vakse såpass stor at han omfattar 25 kubar. Akkurat no står bikubane i blomsterengjene på Voss. Litt seinare i månaden, når lyngheilandskapet nord i Øygarden eksploderer i rosaraudt, skal biene få lov å flytta heim.

Rett perspektiv

Tre kronebrurer i eitt og same bryllaupet vekkjer oppsikt. Annlaug Børve og Råmund Skjold i midten.

Sett frå regionsenteret Straume vil ein del kan hende oppfatta bygda Skjold som eit distrikt i den noverande distriktskommunen Øygarden, men det gjeld å ha perspektiv på ting, tenkjer Skjold.

Då han som tiåring flytta til farsgarden i Øygarden frå vesle Fjelbergøy i Kvinnherad, fekk han nærast sjokk. Dei var heile 25 elevar i tredje-klassen på Tjeldstø!

-Det var den tida klassane var store, medgjev han.

Utvida ansvar
Som kommunalsjef for kultur og samfunn får Råmund Skjold eit vesentleg utvida ansvarsområde samanlikna med jobben som kommunalsjef for teknisk avdeling i noverande Øygarden. Frå årsskiftet skal han ha ansvar for fem einingar; kultur, plan og geodata, byggesak, drift og vedlikehald av eigedom og reinhald.

-Det vert eit kjempespenn i oppgåver, medgjev han.

Heldigvis treng han ikkje kunna gjera alt sjølv. Dessutan reknar han med å få god støtte av Rune Landro som vert assisterande kommunalråd og dei fem einingsleiarane i leiargruppa.

-Eg går inn i dette fordi eg tenkjer det er kjempespanande å få jobba med folk på overordna nivå og vera med på å setja retning, seier han.

-Korleis er du som leiar?

-Eg er ikkje redd for å tilsetja folk som er flinkare enn meg sjølv. Kommunen treng mange flinke spesialistar på ulike område. Mi rolle vert å hjelpa dei tilsette til å verta gode, og leggja til rette for at dei skal kunna gjera jobben sin på ein god og effektiv måte, seier Råmund Skjold.

– Eg likar å ha god kontakt med dei tilsette. Vera ein relasjonsbyggjar, slik at vi kan få til ting i lag. Eg vil kjenna folka mine, sjå dei i augo, legg kommunalsjefen til.

Det vil handla mykje om lagbygging, men og å ha kravet til kvalitet i ryggmargen, slik at brukarane vert nøgde med kommunen sine tenester.

Heider til reinhaldarane

Utan reinhald stoppar kommunen. Kommunalsjef for kultur og samfunn gjev honnør til dei som ryddar og vaskar.

Som kommunalsjef får Råmund Skjold ansvar for kring 250 tilsette. Svært mange av dei er reinhaldarar.

– Reingjering er kjempeviktig. Kommunen stoppar opp utan reinhaldarane, konstaterer Skjold.

Kommunen eig mange bygg. Barnehagar, skular og sjukeheimar skal reingjerast kvar dag, i henhald til lovar og forskrifter. Mange av reinhaldarane jobbar deltid. I Fjell har dei jobba mykje for å fylla opp stillingar, slik at fleire som ønskjer det skal få heil stilling, rosar han.

Den nye kommunen får i underkant av 2.500 medarbeidarar. I ein slik samanslåingsprosess som Fjell, Sund og Øygarden no gjennomgår er det ikkje til å unngå at det vert noko støy, og at flinke folk som leiinga gjerne hadde ønska å behalda istaden vel å slutta.

– Vi må tørra å sjå på korleis vi jobbar. Finna betra måtar å jobba på. Når tre kommunar slår seg saman, vil det vera mogeleg å få til effektiviseringsgevinstar på ein del område, seier han.

Samhandling vil verta viktigare. Jobba på tvers i organisasjonen og unngå silo-tenkjing.
Vi må tenkja like mykje på tvers som opp og ned i linja, skal organisasjonen klara å løysa oppgåvene på best mogeleg måte, filosoferer Skjold.

-Ein viss turnover vil det alltid vera. Det er alltid ei utfordring at flinke folk sluttar. Det er berre å akseptera at folk ønskjer andre oppgåver.

Den mykje omtala ressursgruppa ønskjer han ikkje å kommentera. Den vert det skrive nok om i andre samanhangar, tenkjer han.

Les: Ikkje alle kan rekna med å få behalda jobbane

Familien er viktig
-Det gjeld å ha bra balanse mellom jobb og fritid, tenkjer Råmund Skjold.

Familien er viktig. Forelda bur i nabohuset og hjelper gjerne til med bigesjeften.

I stova har pianoet har ein framtrande plass. Det er kona og dei to døtrene som spelar piano, medan han og sonen helst grip til gitaren.

Då han og kona Annlaug gifta seg, vart det trippelbryllaup, saman med to av systrene hennar. Alle tre var kronebrur. Ikkje til å undrast over at NRK og «Norge Rundt» foreviga den heilage handlinga.

-Vi har ei sterk familiekjensle, med tett samhald. Då er det kjekt å gjera ting i lag – felles opplevingar skapar felles minner, smilar han.

Ei haldning som mellom anna har sendt heile storfamilien, inkludert svigerforeldre og søsken, på fleire reiser til Afrika i samband med store, runde dagar.

-Å oppleva andre delar av verda er spanande. Å sjå kontrastane mot heimlege tilhøve kan vera greitt. Då forstår vi kor godt vi har det i Norge, seier han.

Ei tid for alt
Kva no enn mangesyslaren frå Skjold måtte driva på med, har han lett for å ta leiinga og enda opp i styret. Slik var det då han starta med honningsproduksjon og vart vald inn i styret for Bergen Birøktarlag. Då han engasjerte seg i kristent arbeid, vart han vald inn i styret for Øygarden sokneråd. Etter to periodar er det slutt. No er det andre oppgåver som kallar meir.

-Det er ei tid for alt. Dette er eit godt tidspunkt å sleppa nye krefter til. Det er mange flinke folk der ute, smilar kommunalsjefen for kultur og samfunn i nye Øygarden.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.