Kvar 10. stril er ufør

Talet på uføretrygda i kommunane vest for Bergen haldt fram med å auka i fjor. Verst var utviklinga i Fjell.

Ved utgangen av 2018 var til saman 3.661 av innbyggjarane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy uføretrygda.
140 nye innbyggjarar i regionen fekk i fjor lækjarattest og vedtak på at dei ikkje maktar arbeida.

Fjell
Heile 98 av dei er heimehøyrande i Fjell. Fjell er ikkje lenger den av strilakommunane vest for Bergen som har lågast andel uføretrygda. Sidan oljenedturen starta i 2015, er 230 fleire fjellsokningar blitt uføre.

1.614 fjellsokningar overlever no av uføretrygd. Noko som inneber at andelen uføre auka frå 9,1 til 9,6 prosent dei vel 26.000 innbyggjarane.

Fjell er også den kommunen som har flest uføre under 24 år. Siste fire åra er talet på uføre i den yngste aldersgruppa nærast blitt dobla. 61 personar i aldersgruppa 18 – 24 år tilsvarar 2,2 prosent av innbyggjarane i denne alderen.

Mindre dramatisk
I Askøy var utviklinga i fjor mindre dramatisk enn i Fjell. Her kom det til 38 nye uføre i fjor. 1.684 asketappar på uføretrygd inneber at andelen uføre i kommunen no utgjer 9,2 prosent av innbyggjarane.
Sund

Prosentvis flest uføre har dei i Sund. 509 uføre i kommunen er 53 fleire enn i 2015. Dei siste fire åra har andelen uføretrygda sundsokningar auka frå 10,3 til 11,6 prosent.

Også i Sund er det mange unge uføre. 11 uføre i alderen 18 – 24 år tilsvarar 2,2 prosent.

Stabilt høgt
I Øygarden held talet på uføre seg stabilt høgt. Siste fire åra har 26 fleire fått innvilga uføretrygd som inntektskjelde. Til saman er no 352 øygardsstrilar uføretrygda.

Dette er den kommunen med færrast og lågast andel unge uføre.

Dei eldste
Jamt over er langt fleire kvinner enn menn uføre. Særleg i Fjell og Askøy er skilnaden mellom kjønna tydeleg.

Ikkje overraskande er andelen uføre høgast i dei eldste aldersgruppene. For dei over 62 år er likevel andelen synkande, truleg av di stadig fleire i staden går over på alderspensjon.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.