Stoppa anleggsarbeid – vil sikra seg mot ureining av drikkevatnet

Frykt for ureining av den kommunale drikkevasskjelda Kørelen har fått Sund kommune til å krevja stopp i eit anleggsarbeid på Tveita.

Oversikt over delar av anleggsområdet, med deponiet av ureine massar i forgrunnen. Bilete frå Sund kommune sitt tilsyn 19. juni.

Det  var den 19. juni at plan og bygningsetaten i Sund kommune rykka ut på tilsyn til eit anleggsarbeid på Tveita på grunnlag av eit varsel om fare for ureining av drikkevatnet.

Tveita ligg i nedslagsfeltet til den kommunale drikkevasskjelda Kørelen. Under tilsynet oppdaga kommunen sine folk mellom anna at det vart lagra husdyrgjødsel i marka, og at det er opparbeida eit deponi av store mengder ureine massar, innblanda asfalt, sand og stein i området.

Stoppa arbeidet

Husdyrgjødsel. Foto: Sund kommune.

Få dagar seinare kravde kommunen at arbeidet vart stoppa med umiddelbar verknad.

– Sund er veldig oppteken av at nedslagsfeltet til drikkevatnet vårt ikkje skal verta ureina. Vi har fått fleire uromeldingar om at tiltaket kan føra til ureining av Kørelen. Då er det vår plikt å undersøkja, seier rådmann Rune Lid i Sund til nettavisa Tunnelsyn.no.

Ikkje teke vassprøvar
-Kommunen har i slike situasjonar plikt til å vera føre var, seier Lid.

Rådmannen har førebels ikkje tilstrekkjeleg informasjon til å seia noko om korvidt sundsokningane si drikkevasskjelde har blitt ureina, og i tilfelle kor alvorleg ureininga er.

-Det er ikkje teke vassprøvar, seier Lid.

Asfalt. Foto: Sund kommune.

Politi
Lid varsla i går Politiet om saka.

Etter å ha sendt stoppordre på det dei frykta kunna vera ei mogeleg ureiningssak, drog fleire av kommunen sine sakshandsamarar på ferie.

-Når dei er tilbake over helga vil dei, saman med Politiet,  gå i gang med å kartleggja omfanget av ureininga, seier Lid.

Rådmannen kan ikkje stadfesta at tilkøyringa av ureine massar er stoppa. For å gjera det, må ein observera området over lengre tid, seier han.

Fylkesmannen i Hordaland, Mattilsynet og Sund VA har alle fått varsel om den mogelege ureininga av sundsokningane si drikkevasskjelde.

Vesentleg terrenginngrep
I sakspapira karakteriserer Sund kommune anleggsarbeidet som eit vesentleg terrenginngrep som ikkje er ømsøkt.

Grunneigaren på Tveita søkte i 2012 om å få byggja ein landbruksveg i området. Kommunen si synfaring  avslørte at det utførte arbeidet ikkje er i samsvar med søknaden, ifølgje sakspapira.

 

 

 

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.